Fast stasjonerte campingvogner er populært i Vikedal. Her frå Søndenaastranden camping. Men nå må gjestene dra heim.
Arkivfoto
Fast stasjonerte campingvogner er populært i Vikedal. Her frå Søndenaastranden camping. Men nå må gjestene dra heim. Arkivfoto

Også campinggjester må heim

Vindafjord og Tysvær kommune ber nå folk halda seg vekke frå campingplassane framover. Dersom oppmodinga ikkje hjelper, vil sterkare verkemiddel blir tatt i bruk

Nasjonalt har det tidlegare gått ut klare meldingar til hyttefolket om å koma seg til heimkommunen. Nå blir same tiltak sett i verk for campingplassar og bubilar.

Vindafjord kommune har gått saman med nabokommunen Tysvær og rår alle frå å opphalda seg på campingplassar framover.

— Dette gjeld også for opphald i bubilar, både på campingplassar og andre stadar, som t.d. båthamner, melder kommunen og viser til regjeringa som har vedteke følgjande frå 15. mars til 26. mars i første omgang:

  • Regjeringa har frå 15. mars vedtatt ein lov som kan forby opphald på hytter og fritidseigedomar utanfor eigen kommune. 
  • Dei små lokalsamfunna har færre tilsette i helsetenesta og mindre kapasitet.
  • Hugs at du også kan bli sjuk, difor er det lurt å vera heime.

Vindafjord har fleire campingplassar, spesielt i Vikedal og Imsland er det mange campinggjester som har faste stader dei drar til. Kommune viser til at campingplassar er meir utsette enn hytter med tanke på felles sanitæranlegg og kort avstand mellom plassar og husvogner.

— Me rår derfor alle brukarar og eigarar av plass, uavhengig bustadkommune, om å ikkje opphalda seg på campingplassane i tida framover.

Me ber vidare om at felles sanitæranlegg blir stengt innan kort tid og at det blir hengt opp god informasjon om dette på infotavler på campingplassen og i båthamner.

Dette er tiltak for å avgrensa bruken for å hindra smittespreiing. Om tiltaket ikkje verkar, vil kommunen vurdere å gjera vedtak om stenging, skriv kommunen på si heimeside.