Sølvi Eide Lunde er leiar i Etne og Vindafjord Mental Helse.
Foto: Privat
Sølvi Eide Lunde er leiar i Etne og Vindafjord Mental Helse. Foto: Privat

Ope Forum: Det er mange som stiller opp for deg!

Kvardagen er snudd på hovudet for dei fleste av oss. No er det viktig å ta vare på seg sjølv og dei kring seg. Covid–19 viruset er ikkje farleg for dei fleste av oss. Det er likevel viktig å vere lojal mot tiltaka styresmaktene iverkset for å beskytta dei mest sårbare gruppene og fordele belastninga på helsevesenet over tid. I Mental Helse skal me bidra til denne dugnaden.

Mental Helse er samstundes uroa over situasjonen for menneske som har rus og psykiske helseutfordringar. Pasientar blir no tidlegare utskrivne frå sjukehus og DPS. Samstundes er individuelle og gruppetilbod redusert eller stengt i kommunane. Me håpar helseforetak og kommunane har gjort gode risikovurderingar slik at personar som treng det får alternative tilbod. Alle har rett på naudsynt helsehjelp, – ta kontakt med fastlege eller behandlar ved behov.

Me oppfordrar alle til å ringe ein ven, send ein SMS eller ta kontakt på anna måte med nokon du veit slit i kvardagen. Still opp for andre. Bruk sosiale medier. Dersom du sjølv slit, kan du finne ulike hjelpegrupper på for eksempel facebook. Mental Helse si svarteneste har utvida opningstida på Chat frå kl. 08 – 23 alle dagar. Familiar med eldre barn kan søke råd og vegleiing hos Foreldresupport. Helse Fonna har på sine nettsider lenke til korleis snakke med born om Covid 19 –  https://helse-fonna.no/barn-som-parorande#koronavirus

Mange stiller opp for andre som til dømes gjennom Frivillighetssentralane i Etne og Vindafjord kommunar. Her kan me sjølve også stille oss til teneste. Hjelp frå alle som kan bidra no, er viktig i denne tida.

  • Hjelpetelefonen – 116 123
  • Foreldresupport – 116 123 (tast 2)
  • no (chat og forum).
  • Arbeidslivstelefonen 225 66 700
  • Krisetelefon for born og unge – 116 111
  • Kirkens SOS – 224 00 040

Med ønske om gode dagar for deg og dine!

Sølvi Eide Lunde
leiar i Etne og Vindafjord Mental Helse