Ikkje eit uvanleg syn på E134 med ein trailer som har fått vogna litt av vegbana rett før Mørkelikrysset i Etne. Arbeidet med å utbetre krysset blir lyst ut på anbod denne veka, og då vil også vegbana på dette punktet bli utvida. Det neste er å utvide heile strekninga frå Tveit i Ølen til Gjerde i Etne som blir finansiert av statlege midlar og Haugalandspakken, halvparten på kvar. Oppstart kan bli i 2021. Foto: Jon Edvardsen
Ikkje eit uvanleg syn på E134. Arkivfoto: Jon Edvardsen

Samarbeidsrådet for Sunnhordland: Uttale til NTP 2022-2033

Samarbeidsrådet for Sunhordland meiner at dei to nasjonale hovudvegsambanda E39 og E134 er dei desidert viktigaste samferdsleprosjekta for vestlandet og Vestland fylkeskommune.
 E134 er prioritert gjennom Aust – Vest utredninga, og E39 er eit av dei mest samfunnsnyttige prosjekta i NTP.

Samarbeidsrådet vil difor innleiingsvis streka under at prosjekta på E39 og E134 må få prioritet så langt framme i Nasjonal Transportplan (NTP) 2022-2033 som mogleg. I dette ligg også at det må utarbeidast ei analyse (KVU) for traseval for «arm til Bergen.

I den situasjonen næringslivet no står i grunna koronaviruset må ein og sjå at nye samferdsleprosjekt vil vera med på å skaffa aktivitet i eit næringsliv som sårt vil trenga oppdrag for å overleva.
Samarbeidsrådet ber om at politikarane i Vestland fylkeskommune ikkje set prosjekt i Vestland opp i mot kvarandre, men arbeider for å få til ei samla transportløysing til beste for heile regionen.

E39 KYSTSTAMVEGEN

Realisering av ein ferjefri kyststamveg E39 er avgjerande for utvikling av Vestlandet.
Vestland har ein verdsleiande industri innan maritime og marinenæringar. Denne teknologien og kompetansen må nyttast til utvikling av bruene over Langenuen og Bjørnefjorden. Samarbeidsrådet for Sunnhordland vil særleg peika på desse strekningane:

Hordfast

E39 Stord- Os
I Nasjonal Transportplan 2018-2029 var det lagt inn 14.mrd. kroner til bygging av E39 Stord – Os, Hordfast, i siste del av planperioden, og 5 mrd. anna finansiering i første planperiode. Det er opna for tidlegare byggestart kring 2022, dersom kostnadane vert redusert. Statens Vegvesen har no lagt fram ei ny prognose, der kostnaden er redusert til 35 mrd. kroner og dette kan ytterlegare reduserast. Hordfast er eit av dei mest samfunnsnyttige prosjekta i landet. Samarbeidsrådet støttar Statens Vegvesen si innstilling:
«2022-2027
Lav ramme: Oppstart ferjefri forbindelse mellom Stavanger og Bergen, prosjektet E39 Ådland- Svegatjørn. Sammen med Rogfast bygger prosjektet bo- og arbeidsmarkedene på strekningen Stavanger-Stord-Bergen med vesentlig redusert reisetid. «

Heiane – Ådland

Denne strekninga må inn i Nasjonal Transportplan 2022-2033. Strekninga er ein del av kyststamvegstrekket mellom Stavanger og Bergen og har allereie i dag for liten kapasitet til dagens trafikk.
Våg- Heiane
På sikt må det byggjast nytt samband over Bømlafjorden til erstatning for dagens tunnel. Løysinga er ikkje avklara. Det er aktuelt både med ny tunnel og bru basert på ny teknologi. Utviklingsstrategi for ferjefri og utbetra E39 legg opp til at alle prosjekta skal vera ferdig i 2035.

E134 – NASJONAL TRANSPORTKORRIDOR AUST-VEST

Statens Vegvesen har i «Øst-vest-utredning» frå 2015 konkludert med at E134 Haukelivegen er det mest føretrekte og samfunnsøkonomisk lønsame sambandet mellom aust og vest. I same utredning vart det presisert at det aller viktigaste for å realisera E134 Haukelivegen var å få oppstart på tunnelane for å sikra den kritiske vinterregulariteten over fjellet.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland ser at så lenge prosjekta i transportkorridoren E134 i kost-nytte samanheng blir sett på kvar for seg, og ikkje samla for heile strekninga, kan traseen verta utsett i tid. Statens vegvesen sine kost-nytteberekningar anslo 26 mrd kroner i positiv nytteverdi for hele strekninga, dette er difor viktig å få fram.

Røldal – Vågslid er sjølve høgfjellspassasjen på E134, og det er denne strekninga som skapar usikkerheit ved regulariteten og er flaskehalsen, særleg for næringstrafikken. Ein vintersikker trasè vil bestå av ein heil – eller delt tunell løysing mellom Liamyrane øst for Røldal og Vågslid.
Dette vil ha store positive utslag på redusert utslepp av CO2 for nyttetrafikken, med 50% berre for fjellovergangen Seljestad-Vågslid, og bidra positivt i miljøregnskapet. I tillegg vil dette bidra til forutsigbar transport for næringslivet og kundane, som får redusert køyrelengde på 11 km berre på denne strekninga, samt auka tryggleik for alle som nyttar hovudfartsåra E134 aust-vest.
Bakka – Solheim
Prosjektet har vore omtale som eit pilotprosjekt med samanhengande plan gjennom to kommunar og i to fylke. Den føre E134 utanom alle tettstader og har planlagt standard for 90 km/ t der de i dag er mest 60 km/t. Heile strekninga er ny veg, eksisterande trasè blir liggjande som lokalveg. Kommunedelplanar gjennom Etne og Vindafjord kommunar er ferdig utarbeidd, for ei strekning på om lag 40 km.
Denne strekninga er «gryteklar» og kan vera eit tiltak gjennom ei krisepakke som konsekvens av korona situasjonen.

Samarbeidsrådet ber om at Vestland fylkeskommune prioriterer ovannemnde prosjekt i NTP 2022- 2033.

ANDRE TILTAK

STORD LUFTHAMN – SØRSTOKKEN

Lufthamna har over lang tid motteke årlege tilskot til drift over statsbudsjettet. Frå 2021 kjem driftsstøtta via Vestland fylkeskommune. Med indeksregulering vil dette utgjera ca. 22. mill for 2021. Dette er ein føresetnad for drift.

BØMLO FISKERIHAMN

Bømlo kommune er ein av dei største fiskerikommunane i regionen. Næringa er veksande, og planar for ny fiskerihamn i Langevåg er klare. Ei slik etablering vert og viktig for tenester til hamna, og vil også gje nye arbeidsplassar i tilknyting til hamna.

I Sunnhordland hastar det med å leggja til rette for næringsliv som ikkje er petroleumsretta. Realisering av Bømlo fiskerihamn er eit stort og viktig skritt for å skapa grunnlag for fornybar og berekraftig næringsliv knytt til ressursar frå havet i regionen vår.

Det er søkt Vestland fylkeskommune om å stilla forskotterings-garanti for utbygging av fiskerihamna. Ein slik garanti vil kunna gje snarleg oppstart av arbeidet med realisering av fiskerihamna.

Morten Storebø, leiar
Gro Jensen, styreleiar
Samarbeidsrådet for Sunnhordlanad