Området på Mælandsstølen blei  avsperra av politiet i frykt for eksplosjon. 
Foto: Arne Frøkedal
Området på Mælandsstølen blei avsperra av politiet i frykt for eksplosjon. Foto: Arne Frøkedal

Hus evakuert etter melding om brann

Naudetatane rykte onsdag kveld ut til Sørstranda i Etne etter melding om brann i køyretøy like før kl. 21. Sør-Vest politidistrikt opplyser at det skal vera gass i bilen og har difor oppretta sikkerthetsavstand. Nærliggande hus er evakuert.

Politiet opplyser seinare at det brenn framleis i køyretøyet, ein liten lastebil med fleire gassflasker med ulik type gass. Ein skarpskyttar frå politiet er på veg til staden for å prøva å skyta hol på gassflaskene.

Brannvesenet fekk etter kvart kontroll på spreiingsfaren og nærliggande område.