Eitt år har gått sidan Vindafjordhallen i Vats brann ned til grunne.
Arkivfoto: Sirianne Vikestad
Eitt år har gått sidan Vindafjordhallen i Vats brann ned til grunne. Arkivfoto: Sirianne Vikestad

Legg denne diskusjonen død

Svar på artikkel i Grannar 4. juni; «Reiser tvil om Vindafjordhallen»:
Ja, dette måtte jo komme ein gong! Og til Yngve Bergesen som rådmann må dette berre vere eit utspel for å få til ein politisk diskusjon, reknar eg med?
Men me må stoppa her, og alle dra i same retning, og legge denne diskusjonen død, for dette skaper berre splid mellom bygdene!
Fokuser heller på realiteten og fakta oppi dette, når me slår to kommunar saman til éin, skal ikkje alt måtte sentrerast til Ølen!  
Og som er gjentatt gang på gang; «Svømmehallen var ei gåve frå NC til vatsbuen».
Politisk var det òg bortimot reint fleirtal for oppbygging av ny Vindafjordhall med basseng i Vats under høyringsrunden i Skjold før kommunevalet, kun Frp var imot.
Og skal me ha levande bygder bør me ikkje eingong diskutere plassering av bassenget i politisk fora lenger.
Vedrørande striden med KLP og avkorting på 30 % må sjølvsagt òg løysast av kommunen, då dei ikkje har informert vidare til sine kommunale anlegg om at ikkje søppeldunkar ikkje skal plasserast på treveggar etc? Og som Tor Olav svarte vedrørande kollektiv transport: Kor mange trur du det er som køyrer buss til kommunesenteret eller  f.eks Sjøperlo i Ølen, dette er berre argument som ikkje held vatn!
Vatsbuen ventar nå på skikkeleg info og framdriftsplan når Ny Vindafjordhall inkludert basseng står klart, så bruk energien på å presse KLP til å betale det den kostar og ikkje KOR den skal ligge, for Vats treng plass til å samlast , + basseng , og det hastar.
Ikkje bruk dyre konsulentar til å trenere masse tid og peng med» Moglegstudie». Dette blir det bere bråk av!
Nå må politikarane vakne og jobbe konstruktivt for å få ny og komplett Vindafjordhall opp og gå!
Øyvind Nordtveit

Difor skal me ikkje bruke pengar på ein moglegheitsstudie for gjenreising av Vindafjordhallen

Eg trur det var mange med meg som fekk hakeslepp, då rådmannen la fram sitt forslag om å gjennomføre ei moglegheitsstudie.

Ja, det får ein til å undra seg om målet er å sette bygder opp mot kvarandre. For kva anna resulterer dette i eigentleg, enn å skape splid, usikkerheit og misnøye innad i kommunen?

Det som rådmannen no gjer, er å be politikarar om å ta avgjersler utan å ha alle fakta på bordet. Forsikringsoppgjeret er enda ikkje avklart. Me veit altså ikkje kor store verdiar som ligg att i branntomta, eller kor stor avkorting på utbetalinga av forsikringsoppgjeret blir. Skal ein likevel gjennomgå ein omfattande studie for å finne andre moglegheiter?

Pengegåve og dugnad

Rådmann Yngve Folven Bergesen kjem til å skrive seg inn i historiebøkene, som rådmannen som splitta ein heil kommune. Han vel å legge all historikk til side, og handterer saka om gjenreising av symjehallen (ja for det er ei gjenreising) som om dette er eit nybygg. Skal ein til med ei heilt ny investering i ein kommune, hadde me ikkje blitt overraska over at alle moglegheiter måtte vurderast. Men dette er faktisk ikkje ei ny investering. Det er ikkje slik at kommunen no har bestemt seg for å byggje ein splitter ny symjehall i kommunen. Skulle dei det, hadde me ikkje sett noko til den på veldig lang tid. Me snakka om å reise opp att det bygdafolket i Vats har fått til av verdiskaping. Me snakkar om verdiar skapt ved ei pengegåve til bygda, saman med hardt arbeid gjort på dugnad. Desse pengane som rådmann Yngve Folven Bergesen no meiner me kan spytte inn att kvar som helst i denne kommunen, hadde aldri tilfalle kommunen om det ikkje var for pengegåva og dugnad.

Ingen ekstra bussruter

I saksframlegget legg rådmannen fram argumentasjon som skal tale for å reise symjehallen i Ølen. Han nemner at det her er betre kollektivtilbod. Er det i tilfelle ikkje alle kringliggande bygder som burde kunne nytte kollektivtilbod for å kome til Ølen? Eg trur ikkje Kolumbus set opp ekstra ruter for badande i Ølen. I så tilfelle kan ein sjå føre seg ei rute som kunne eksistert på same måte til eit badeanlegg i Vats.

Han nemner vidaregåande som eit argument for Ølen. Elevar ved Ølen vidaregåande er elevar frå heile kommunen. Skal dei kome seg heim frå skulen, må dei fylgje skuleruta. Dei kan altså ikkje bli igjen i Ølen for å bade utan å få problem med å kome seg heim. Dersom det er idrettslinja han her tenkjer på, er det sagt at den hadde èin søkjar i år. Skal ein symjehall nyttas av idrettslinja, vil det bety eit basseng med konkurransestandard, og det er vel det som ikkje er levedyktig har me sett. Me treng eit basen som tek opp konkurransen med familiebassenga i nabokommunane.

Tappe alle andre enn Ølen

Han nemner at det er gunstig for å styrka Ølen som kommunesenter. Er det rett at bygdene i resten av kommunen skal tappast for verdiar for dette argumentet? Kva set me att av levande bygder i kommunen då? Då blir fort det neste å leggje ned ein skule, barnehage eller sjukeheim til fordel for å «styrka kommunesenteret».

Eit anna argument er at det vil være eit større besøkstal for ein symjehall i Ølen, samanlikna med i Vats. Uansett kvar ein reiser eit nytt basseng, vil det ha fleire besøkjande. Bassenget som sto i Vats sleit med besøkstalet, fordi det ikkje hang med i tida. Det kunne ikkje stå imot konkurrerande anlegg i Tysvær, Sauda og no Suldal. Dette skuldast ikkje lokaliseringa, men tilbodet. Eit oppdatert symjeanlegg vil ha større konkurranseevne.

Me i Vats kan sei deg det Yngve, at det finst veldig mange gode argument for at me skal få byggje opp att symjehallen i bygda vår. Du må berre høyre etter når dei blir lagt fram. På folkemøtet i Vats kom det tydelig fram at bygda ynskjer ei gjenreising av ein symjehall. Det treng me ikkje bruke 700.000 kroner for å finne ut av.

Eg håpar at det er fleire med meg som kan seie frå at slik politikk vil me ikkje drive i Vindafjord kommune.

Monica Nesheim
leiar Vats grendalag