Om oppdrettsfisk i elvane

Der var ei røming i haust frå eit selskap ute i Boknafjorden. Då strøymde der oppdretsslaks straks opp i Vikedalselva. Der blei sett i verk tiltak med godkjening frå Fylkesmannen om utfisking av den. Dette blei organisert av Vikedal Elveeigarlag, som kontakta fiskarar til å vera med på den jobben. Det blei i løpe av nokre veker fiska opp over 70 oppdrettslaks, etter kvart byrja det å roa seg ned med å få tak i meir. Den som ikkje blei fiska opp for vel til havs att. Fisketrappa blei stengd i denne perioden så der ikkje skulle kome oppdrettslaks vidare opp i elva.

Fleire veker etter denne hendinga kom der folk slentrande frå Uni Miljø og skulle reinska elva for oppdrettslaks. Dei fann kun éin oppdrettslaks i elva, så det blei heilt sikkert ein dyr fisk. Kjenner eg rett den jobben dei gjer, er det ikkje små pengar dei skal ha for den, det er nok i tusenvis det.

Elveeigearlaget som organiserte fiskarar og samla inn på skjelprøver og fekk dei av garde, og som har dagleg tilsyn med fisketrappa så der ikkje står villfisk der å stanga og ikkje kjem vidare opp, dei får ikkje ei krone for den jobben dei gjer. Eg er av den meining at Elveeigarlaget skal senda rekning til selskapet som har sloppe ut fisken, og der skal dei taka dugeleg i.

Går ikkje dette bør Elveeigarlaget taka denne saka opp med Norske Lakseelver. Ein kan ikkje ha det slik at nokre firma skor seg på ei rømming, mens andre som gjer jobben set att med svarteper. Etter som eg minnest er vel Vidar Børretzen med i styret i Norske Lakseelver. Vikedal Elveeigarlag bør taka kontakt med han å få han til og få orden på denne saka. Fiskarane som har vore med på jobben har nå fått fisken som løn, så får det vera ei privat sak om dei vil bruka den som matfisk, eller kasta den i søpla.

Torleif Grimås
Vikedal