Eit vogntog velta på E134 like vest for Ølensvåg torsdag ettermiddag. FOTO: ARVE SKOGEN
Eit vogntog velta på E134 like vest for Ølensvåg torsdag ettermiddag. FOTO: ARVE SKOGEN

Trailervelt på E134

Ulykka skjedde like før klokka 17.

Oljesøl

— Traileren har velta. Sjåføren er ute av køyretøyet og ved medvit. Mykje oljesøl i vegen, melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Vegen ble stengd etter ulykka, men no er eit felt opna og trafikken skal flyte greitt.

Lenser

Sør-Vest politidistrikt melde like etter klokka 17 at det er gjort klart med lenser som kan leggast ut i Vågselva om olja driv ned til elva.

Traileren var lasta med fisk.