Åkrafjordtunet på Teigland i Åkrafjorden.
ARKIVFOTO: JAN MARTIN GRINDHEIM
Åkrafjordtunet på Teigland i Åkrafjorden. ARKIVFOTO: JAN MARTIN GRINDHEIM

Korona-smitta busspassasjerar var innom Åkrafjordtunet

31 passasjerar frå Nord-Jæren som var på busstur har fått påvist covid-19. Dei var innom Åkrafjordtunet måndag denne veka. Etne kommune har starta smittesporing-arbeid, og kafeen er no stengd.

(Saka er siste gong oppdatert onsdag lokka 10.57, med opplysningar med opplysninger om korleis mistanken om smitte i bussfølgjet oppstod.)

Etne kommune ber folk ta kontakt om dei har vore på Åkrafjordtunet i tidsrommet frå klokka 14 til 15 sist måndag.

Årsaka er at eit turfølgje frå Nord-Jæren var innom Åkrafjortunet i det nemnde tidsrommet. Dei var på gjennomreise.

31 smitta

I etterkant har 31 personar i følgjet fått påvist Covid-19-smitte. Det er på det reine at det var smitte om bord i bussen før dei ankom Åkrafjordtunet, og alarmen gjekk etter det Grannar får opplyst ikkje før om lag ein time etter at bussen hadde forlatt staden.

Då vart busselskapet varsla om at ei 75 år gamal kvinne som var med følgjet, og som fekk eit akutt illebefinnande og ble lagt inn på sjukehus i Førde måndag, hadde symptom på koronasmitte.

På det tidspunktet hadde dei tilsette ved Åkrafjordtunet allereie gjennomført nedvask av kontaktflater, noko dei gjer rutinemessig etter alle besøk av større grupper.

Kommunen ønskjer kontakt

Det er på det reine at det var andre kundar enn bussfølgjet på Åkrafjortunet samstundes som busspassasjerane spiste middag og handla i butikken. Difor går Etne kommune no bredt ut i smittesporingsarbeidet sitt.

— Alle som oppheldt seg i kafé eller butikk på Åkrafjordtunet i dette tidsrommet, vert oppmoda om å ta kontakt med Etne kommune, melder kommuneoverlege Elisabeth Winterthun i ei pressemelding frå Etne kommune.

Du kan ta kontakt med kommunelegen via korona@etne.kommune.no eller kommunen sitt sentralbord på telefon 53 75 80 00.

Etne kommune samarbeider med Åkrafjordtunet om den vidare smittesporinga, heiter det i pressemeldinga frå kommuneoverlegen.

Andre var innom

Ifølgje Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) var passasjerane på besøk i kafeen.

— Og dei handla i butikken, fortel ho.

Ordføraren seier at kommunen har opplysningar om at det også var andre passasjerar på butikken.

— Difor ber med alle som var innom i tidsrommet måndag 21. september, mellom klokka 14 og 15, om å ta kontakt med kommunen i samband med smittesporing, seier ho.

Butikken ved Åkrafjordtunet er open, men kaffen haldes stengt inntil vidare.

Bussen skal elles ikkje ha stansa før dei var framme ved koronatest-senteret i Stavanger. Alle som var om bord i bussen vart også halde i bussen på fejeturen frå Årsvågen til Mortavika på E39.

Ikkje krav om registrering

Etne kommune har ikkje krav om at besøkande skal registrere seg når dei besøker kafear og restaurantar, slik som no er til vurdering fleire plassar i landet.

— Eg reknar med det er et tema som vil bli diskutert i kjølvatnet av dette, seier ho til Grannar.

Dagleg leiar John Karsten Hustveit ved Åkrafjordtunet opplyser at han sjølv er blant dei seks tilsette som no er i karantene. Les intervju med han her.