Det vert vist til ope brev i Grannar og vil gjerne starte med det siste. Underteikna vart invitert inn i kommunestyret for å informere om status for Haugaland brann og redning iks samt oppfølging av bekymringsmeldingane som kom inn i februar. Det er leit om det vert oppfatta som at dette er kritikk til mannskap, tvert imot er starten på presentasjonen ein gjennomgang av alt det gode arbeidet som ansatte i HBR iks gjer, både i det førebyggande arbeidet og i beredskapen. Me er stolte av dette og nyttar gode høve til å få dette fram. Når ein i kommunestyret skal seie noko om kvifor me har ein situasjon kor mannskap seier dei vil legga ned arbeidet, er det naturleg å opplyse om at dette dreier seg om det me meiner er krav som me ikkje kan innfri. Det er eit skilje mellom kritikk av tilsette og vurdering av krav som kjem gjennom arbeid med løn og tariff.
Eit prinsipp som er viktig: løn og tariff skal løysast i rette rom. I dette tilfellet er samtlege krav og tiltak i samband med verksemdsoverføringa, løfta inn att på bordet og skal gjennomgåast på nytt saman med tillitsvalte. Der me eventuelt ikkje kjem til einigheit, løftar me dette inn til sentrale partar for arbeidstakar/-gjevar. Me er einige om at lov skal følgjast og at det er i arbeidsmiljøloven god skildring av kva rettar ein som tilsett har i ei verksemdsoverføring. Det er i samband med dette arbeidet det dukkar opp forhold som arbeidstakar meiner ein har rett på, og som noverande og tidlegare arbeidsgjevar vurderer annleis.
Som det vert skrive i det opne brevet, det er gjennomført ei undersøking av ein nøytral part for å sjå på kva som er innhaldet i bekymringane. Basert på denne undersøkinga er det laga ein handlingsplan som styret, leiinga og tillitsvalde har slutta seg til. Me er godt i gang med handlingsplanen, noko alle skal vera godt kjent med. Resultat av handlingsplanen vil koma etter kvart, noko på kort sikt og andre resultat er naturleg nok meir langsiktige. Me håpar alle er med i å bidra til at me løyser opp i dei bekymringane som vart meldt inn i februar, og sjølvsagt, hovudansvaret for dette ligg hos meg.
Dag Botnen
brannsjef
Haugaland brann og redning iks