Grannar har hatt fleire oppslag om konflikten i det regionale brannvesenet. Her framside 17. februar 2020.
Grannar har hatt fleire oppslag om konflikten i det regionale brannvesenet. Her framside 17. februar 2020.

Ope brev til brannsjefen

I samband med kommunestyremøte i Etne den 17.09.20, som me følgde på kommune-tv, ser me oss naudsynt til å koma med nokre presiseringar med omsyn til diverse saker som brannsjef for Haugaland brann og redning, Dag Botnen, orienterte om.

For det fyrste seier han at mannskapa har heilt urimelege krav, noko me må seie oss heilt ueinige i. Viser hermed til brev frå Etne kommune der det står at me ikkje skal tape noko på å gå inn i iks’et, men det fyrste dei byrja med var å fjerna ca. kr. 3.500 i mnd. frå løna vår. Fyrst litt seinare etter at mannskapa hadde møte med leiinga i Haugaland brann og redning, gav leiinga etter for dette.

Før iks’et hadde stasjonsleiarane stillingar på 25,43 %  og utrykkingsleiarar/røykdykkarar hadde 22,73 % stilling i Etne kommune. I det nye iks’et har stasjonsleiarane 6,23 % stilling og utrykkingsleiarar/røykdykkarar 3,73 % stilling.

Det mannskapa krev er å få stillingsprosentane attende slik det var i Etne kommune før overgangen til Haugaland brann og redning iks.

Denne prosessen har me hatt gåande heilt sidan overgangen frå Etne kommune til Haugaland brann og redning iks, saman med ein prosess om pensjonen til KLP, som dette også vil verka inn på. Det har  heile tida blitt hevda frå administrasjonen i iks’et at me har fått same pensjon som me hadde når me jobba for Etne kommune, men etter ca. 2 års kamp måtte faktisk leiinga i Haugaland brann og redning iks vedgå at dei hadde underrapportert pensjon. Og dette gjaldt ikkje berre for mannskapa i Etne kommune, men heile selskapet sitt befal.

Me er òg kjente med at Etne kommune seier at me aldri har hatt slike «store stillingar», men dette har stått svart på kvitt på våre lønsslippar sida me gjekk vekk i frå to lønnsutbetalingar i året til lønnsutbetaling kvar månad. Om dette skjedde i 2014 eller 2015 skal vere usagt, men i tillegg har Etne kommune også rapportert dette inn på oss til KLP.  Når Etne kommune opplyser til leiinga i isk’et at stillingsprosenten er feil, så tek dei etter vår meining nokre lette val for å vri seg unna, og så er det oss som var tilsett der som sit igjen som ein tapande part. Kor er rettferdigheita i dette? Me berre spør.

At brannsjef Dag Botnen kan stå i kommunestyremøte å seie at me er urimelege når me berre forlangar det me har hatt før, er uforståeleg for oss mannskapa. Leiinga på si side hevdar at det er ulovleg å ha slike stillingar som me hadde då me var tilsett i Etne kommune, og for å koma leiinga i møte kom me med eit tilbod som gjekk ut på at me skulle ha nokolunde same stillingsvern som me hadde i Etne.

Resultatet av handteringa av lønns- og pensjonsspørsmåla i Haugaland brann og redning er at mannskapa over tid taper pengar kvart år.

Det har og vore stor misnøye med toppleiinga i Haugaland brann og redning, og det vart levert fleire bekymringsmeldingar på korleis selskapet vart leia og drifta, noko som medførte at styret i Haugaland brann og redning våren 2020 leigde inn eksterne konsulentar for å granske selskapet. Her vart det avdekt ei rekke kritikkverdige tilhøve.

Hovudinnhaldet i bekymringsmeldingane knytes til leiinga si handtering og oppfølging av tilsette i selskapet, samt dårleg personalpolitikk.

Styret i Haugaland brann og redning har sagt at det skal utarbeidast ein handlingsplan for å rette opp i desse kritikkverdige tilhøva som er peikt på i granskingsrapporten, og i skrivande stund ventar me fortsatt på resultatet av denne planen.

Det er ikkje akkurat motiverande for brannmannskapa når brannsjefen reiser rundt i kommunestyra og kritiserer sine eigne, til tross for at han sjølv og toppleiinga i iks`et har fått skarp kritikk i granskingsrapporten for dårlig leiing av selskapet.

Tore Tendal
Vegard Winterthun