Siri Klokkerstuen er 1. kandidat for Etne Ap ved valet i september.
FOTO: ØKLAND FOTO/ETNE AP
Siri Klokkerstuen etterlyser utgreiing av kabel i sjø eller jord. Arkivfoto

Svar til Etne Frp

I Grannar 15. oktober kan me lesa Etne Frp sitt  lesarinnlegg:  Private barnehagar – eit særs viktig supplement i våre kommunar, eller kva Ap?

Ja, Etne Arbeiderparti er tydeleg på at vår private barnehage er viktig.

Me tillet oss å rydde litt i historia som Grannar sine lesarar har fått.

Den private barnehagen i Etne er ei viktig bedrift og har i høgste grad bidrege til full barnehagedekning i Etne kommune. I Programmet vårt står det : «Etne Arbeiderparti vil halda fram med full barnehagedekning i kommunen, med to kommunale og ein privat barnehage»

Frp held fram historiefortellinga og viser til negative utspel «spesielt når kommunen skal handsama sine budsjett». Den private barnehagen har ikkje vore ei problemstilling i budsjettarbeidet. Den private barnehagen får overføringar frå Etne kommune utifrå sentrale retningsliner der budsjetta for dei kommunale barnehagane to år tilbake er lagt til grunn.

Etne Sp (2015) tok til orde for fritak frå eigedomsskatt for denne barnehagen og det blei drøfta grundig. Administrasjonen si juridiske utgreiing var tydeleg i forhold til at det var problematisk å sjå på eit AS som eit ideelt føretak utan at vedtektene seier at ein ikkje kan ta ut utbytte. I 2015 stemde 17 av 21 i Etne kommunestyre mot søknaden om fritak for eigedomsskatt. Det var ikkje ei avrøysting for eller imot «velferdsprofitørar» som Frp ynskjer å framstille det som. Det var heller ikkje 17 frå Arbeiderpartiet i kommunestyret. Senterpartiet snudde forresten. Frp var mot.

Den private barnehagen i Etne er eigd av lokale eldsjeler som sjølv arbeider i bedrifta og legg ned ein formidabel innsats – dei er ikkje velferdsprofitørar. Det er synd at Etne Frp held fram med å yppa til støy i lokalpolitikken. Det har vore stille i Etne politikken siste halvår, lokalavisene har vore mindre til stades, digitale møter skaper mindre merksemd og Etne Frp leitar tydelegvis etter saker å markera seg på. Forfattarane av lesarinnlegget går langt tilbake i tid til debattar som dei ikkje sjølv har vore del av. Etne Ap synest dette er lite konstruktivt og sikkert forvirrande for lesarane.

Debattane er viktige, men det er vedtaka som gjeld.

Arbeiderpartiet er klart kritisk til store kommersielle selskap som hentar ut store gevinstar frå offentleg sektor. Barnehagane er fullt ut finansierte av foreldrebetaling og offentlege midlar. For Ap er det viktig at alle offentlege midlar som går inn i private barnehagar, skal gå til å gjere barnehagen enno betre. Dette er vår nasjonale politikk og den støttar me fullt ut. Heldigvis har me ein flott barnehage i Etne som oppfyller dei kriteria.

I same slengen tek Etne Frp opp regjeringa sitt varsel om kutt i pensjonstilskotet til dei private barnehagane. Kven er det som sit i regjering? Er det ikkje den regjeringa Frp har hatt budsjettsamarbeid med? Dette har ingenting med Ap å gjere, men blir teke med i innlegget mot Ap. Her må Etne Frp feie for eiga dør.

Etne Frp,  gjer leksa og ikkje bygg debatten på synsing og gamle historier. Me tek svært gjerne ein debatt om viktige og aktuelle saker.

Siri Klokkerstuen
leiar og gruppeleiar
Etne Arbeiderparti