Stille i testteltet ved Ølen omsorgssenter før dei første kom for å ta prøve. Kommuneoverlegane Elisabeth Winterthun og Terje Kleiven håpar folk er flinke til å teste seg framover dersom dei får luftvegsplager. Dei minner om at ein må teste seg på nytt sjølv om ein har gjort det før. Foto: Jon Edvardsen

Smittevernlege Elisabeth Winterthun i Etne kommune og kommuneoverlege Terje Kleiven i Vindafjord legg planar for å ta imot folk som vil vaksinera seg mot covid-19 viruset.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Kommuneoverlege Elisabeth Selland Winterthun i Etne kommune og kommuneoverlege Terje Kleiven i Vindafjord. Arkivfoto: Jon Edvardsen

Sterk oppmoding frå kommuneoverlegane

Sterkt aukande smittetal i Vindafjord og Etne kommune har ført til at kommuneoverlegane Terje Kleiven og Elisabeth Winthertun nå kjem med ei sterk oppmoding til alle innbyggjarar.

Torsdag ettermiddag hadde Vindafjord kome opp i 45 smitta, medan Etne stod på 20 personar med covid-19. Som Grannar har skrive aukar talet dag for dag. Blant anna er Sandeid skule, barnehagen i Ølen og Enge skule i Etne direkte berørt av pandemien. Det er venta inn svar på fleire prøvar.

— Situasjonen er uoversiktleg og kommunane driv aktiv smittesporing, konstaterer Kleiven og Winterthun.

Slik situasjonen er i dag vil kommuneoverlegane i dei to kommunane på det sterkaste tilrå desse tiltaka frå i dag og til og med onsdag 24. november:

  • Personar i risikogrupper bør unngå kollektivtrafikk, og sterkt avgrensa talet på nærkontaktar.
  • Arrangement for risikogruppene bør avlysast.
  • Alle planlagde arrangement bør nøye vurderast om dei kan utsetjast eller avlysast dei neste to vekene. Dette gjeld også planlagde gruppeturar osv.
  • Unødige fritidsreiser bør unngåast.
  • Me rår arbeidsgjevarar til å nytta heimekontor der det er formålstenleg.
  • Avgrens besøk til personar som er innlagde i institusjonane i Etne kommune og Vindafjord. I tillegg vil institusjonane innføra forsterka tiltak ved besøk.
  • Breiddeidrettsaktivitetar for personar over 20 år bør unngåast dei neste to vekene.

Kommuneoverlegane minner også om dei generelle råda:

— Hald avstand – Vask hender – ver heime om du er sjuk – avgrens din sosiale omgang!

grannar.no held deg fortløpande oppdatert på smitteutviklinga i Vindafjord og Etne kommune!