Viser til artikkel i Grannar 3. desember 2020: Eg vart reint forferda av å lese om Statnett si planlagde utbygging av såkalla «monstermaster» (16 til 44 meter høge master, normalt 25-30 meter høge) i Etne kommune, og kommunen si eiga meining kring dette.
At berre éin av heile formannskapet stemde mot kommunedirektøren sitt forslag som viste så stor positivitet til desse mastene, gjorde meg beint fram skremd. Dette er noko som ikkje gagnar Etne kommune, men heller motsett: det vil øydeleggje store delar av naturen og naturmangfaldet i vårt vakre fjellandskap.
Lars Olav Bergsvåg (H) seier at «me er kome så langt at det ikkje er nokon veg utanom» (siterer Grannar sin artikkel). Sjølv om ein nå er komen så langt, skal ein berre gi opp, utan protest? Vidare argumenterer Bergsvåg med «straum treng ein». Denne straumen vil ikkje kome kommunen vår til gode. Såleis kan eg heller ikkje sjå at dette er eit godt argument for å ha slike master i kommunen vår? Ja, straum må ein ha, men kommunen si oppgåve slik eg ser den, er å verne om sine eigne innbyggjarar. Dette får eg ikkje inntrykk av at er tilfellet her. Vidare argumenterer Bergsvåg med at det vil styrkje arbeidsplassar. Kor lenge skapar dette arbeidsplassar, sett i forhold til mastene sin langvarige stand?
Det skal også presiserast at det er mogleg å frakte straum på annan måte enn med slike store master. Dette er dyrare, så sjølvsagt ynskjer Statnett det rimeligaste alternativet, noko dei sjølv uttrykte ved utbygginga i Hardanger. Sidan det finst alternative måtar, skjønar eg enda mindre kvifor formannskapet er einige i å byggje slike master. Det er jo strengt tatt ikkje kommunen sin økonomi det går utover.
Vidare seier ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) at det er «fint at det kan haldast utanfor busetnad og vera minst mogleg synleg» (siterer frå Grannar sin artikkel). Ja, det vil eg tørre å påstå at dei fleste er einige om. Men betyr dette at ein utan vidare skal godta mastene i dei flotte fjellområda våre, så lenge ein stiller litt krav? Fjellheimen i Etne er godt besøkt både av eigne innbyggjarar og turistar, og der vil mastene synast godt. Til dømes går den kjende «Gullruta» gjennom Etnefjella. Det blir uttrykt positivitet for at ein unngår Trommedalen og at mastene kjem over skytebanen på Fikse. Men mastene er mellom anna planlagde over Strype. Dette er eit godt kjent og brukt turområde. Kva tenkjer kommunen om dette? Vil me ha master i kommunen vår, uansett om det er snakk om på fjell eller ved busetnad?
Vidare får eg inntrykk av at det er mange som ikkje har vore klar over at slike monstermaster skal byggjast ut. Difor etterlyser også eg eit folkemøte. Dette er ei sak som angår oss alle som innbyggjarar i Etne kommune, og ikkje berre kommunestyret sjølv, som skal ytre meining til høyringsfristen 14. desember. I ei så viktig sak bør kommunen stemme ut frå fleirtalet av innbyggjarane si meining om saka. Trass korona-situasjonen kommunen argumenterer med som grunn til at det ikkje vart folkemøte, har ein i dag mange andre (digitale) hjelpemiddel, slik at dette bør la seg gjennomførast. (Sjå til dømes Bergen kommune, som har hatt slik digital gjennomføring.)
Med dette avsluttar eg med eit stort NEI til monstermaster i kommunen vår!
Sofie Anine T. Röer
innbyggjar i Etne kommune