Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Éin av tre skeive er lite tilfreds med livet
NPK-NTB: Seksuell orientering kan ha betydning for livskvaliteten, viser ei ny undersøking. Spesielt når det gjeld økonomi og psykisk helse er skeive mindre tilfredse.
Blant befolkninga i alt er det 26 prosent som seier at dei er svært tilfredse og 22 prosent som seier at dei er lite tilfredse med livet. Hos personar som identifiserer seg som skeive, er delen som er svært tilfreds med livet 21 prosent, medan 34 prosent er lite tilfreds med livet i alt.
Det viser ei undersøking frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
I undersøkinga kjem det fram at 36 prosent av dei skeive har hatt symptom på psykiske plager dei siste 14 dagane, medan delen for befolkninga i alt er 18 prosent.
Også når det gjeld økonomi kjem skeive dårlegare ut enn befolkninga samla sett. Nesten 50 prosent har materielle manglar, og nær 20 prosent har det lite økonomisk romsleg, mot høvesvis 26 og 9 prosent i befolkninga i alt.
Ifølgje SSB kan 7 prosent av befolkninga mellom 18 og 79 år reknast som lhb+ eller skeive. SSB definerer dette som personar som i undersøkinga svarer at dei reknar seg sjølv for å vere homofile eller lesbiske, bifile eller anna, eller at dei er seksuelt tiltrekt av alle kjønn eller noko anna. (NPK)