Dei ni skulane i Vindafjord. Elevtala har endra seg.
Folkemøta om barnehagar og skular blir i 2022
Nok ein gong er folkemøta om den framtidige barnehage- og skulestrukturen utsett.
Eit fleirtal i Vindafjord kommunestyre med unntak av Høgre og Frp, går inn for at folkemøta om ny plan for skular og barnehagar blir i februar og mars neste år. I forkant skal kommunedirektøren leggje fram ei innstilling i januar.
Etter denne planen blir det endeleg vedtak i kommunestyret i juni 2022. Dermed er ikkje berre prosessen sett på pause, og men den er også endra litt ved at kommunedirektøren skal leggje fram forslaget sitt før folkemøta.
Dermed er det ikkje berre rapporten frå Norconsult som blir tema, men først og fremst innstillinga som blir lagt fram til politikarane. Modolf Haraldseid (H) vil ha større framdrift fordi han er redd for at prosessen kan bli ytterlegare utsett.