Vindafjord kommune skal spare 12 millionar kroner på skular og barnehagar, og investere 61 millionar i ny skulestruktur. Her Vik skule.
Foreldrerådet ved Vik barnehage med mange argument for at barnehagen og skulen i Vikebygd ikkje må leggast ned.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Vik oppveksenter hadde i 2022 30 elevar frå 1. til 7. klasse. I tillegg er barnehagen på same stad.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Vik oppveksenter. Arkivfoto: Jon Edvardsen

Kvifor behalde Vik skule og barnehage?

Det er viktig å behalde skular og barnehagar i Vindafjord-bygdene, fordi me ynskjer levande bygder i kommunen vår. Det står òg i Vindafjord kommune sin kommuneplan:

Levande bygder – Me skal oppretthalde eit desentralisert busettingsmønster. Det skal også i framtida vere mogleg å busette seg i alle dei ni bygdene og oppleve at det er mogleg gjennom eit heilt, langt liv. Bygdene må derfor ha moglegheiter for busetting og næringsetablering.

Så me må gå ut ifrå at kommunen ynskjer det same som oss. Me ynskjer alle å ha eit aktivt samfunn som er freistande for nye innbyggjarar å kome til. At me kan leve og bu her, frå me er født, til me vert gamle. —. Om kommunen vil ha fleire tilflyttarar til bygdene, kan dei ikkje legge ned eller true med å legge ned skular og barnehagar i bygdene.

Kommunen sitt ansvar

Det står i kommuneplanen at ei av hovudutfordringane i kommunen er «å vere buattraktive og ha eit variert butilbod for ulike målgrupper i alle bygder». Om det skal vere attraktivt for ein ung vikebu å flytte tilbake til bygda, slik at barnetalet i bygda kan gå opp, må det ligge i korta at det er snakk om levande bygder. Om det ikkje er attraktivt å flytte heim til Vikebygd, flyttar ein heller ikkje til andre bygder i kommunen, då flyttar ein heller utover mot Tysvær og Haugesund. Dette fører til tap for kommunen, for eksempel tap av skattepengar. Ein konsulent si oppgåve, er å finne sparemessige tiltak utan å tenke på menneskelege forhald. Men ein kommune er ikkje berre ansvarleg for det økonomiske, dei har òg eit ansvar for at det skal vere buande og levande i bygdene for menneska som bur der, gjennom heile livet.

Slik me ser det, er det få som kjem til å ynskje å flytte til Vikebygd, om skulen og barnehagen vert lagd ned. Det vil òg få andre følger. Ingen unge i etableringsfasen, dermed ingen auke i barnetal. Butikken vert lagd ned og bygda vert meir og meir til ei hyttebygd. Det å ha ein barnehage og skule her i bygda betyr mykje for alle, ikkje berre for born og foreldre. Det skaper tilhøyrigheit for alle. Og me som bur i Vikebygd, er stolte over barnehagen og skulen, alt me får til på stor dugnadsånd, teatergruppa, speidaren, idrettslaget bygdehuset vårt, butikken vår (mm.), alt dette som er bygda VÅR. Ein må òg tenke på at det er lettare å verte kjende med andre, om du er ny i ei bygd, ved å ha ungar i barnehage og på skulen i nærmiljøet. Ein kjem i kontakt med andre foreldre når ein har fått born, og kjem dermed meir inn i bygdemiljøet.

Stabilt læringsmiljø

Det står i kommuneplanen at kvalitet i barnehage og skule handlar òg om «barn si oppleving av mangfald». Me meiner at borna i Vikebygd, ikkje lid noko naud av å gå i ein liten barnehage eller skule, tvert om. Det er eit gode! Å gå på ein mindre skule og i ein mindre barnehage gjer til at ungane vert sett, til ei kvar tid. Dei vert sett for den dei er. Ungane får vere seg sjølve. Dei blir godtatt for den dei er, av born og vaksne. Dei får leike med både dei eldre og dei yngre, noko som gjer at dei får opna synet sitt på fleire måtar. Dette er ei stor styrke for borna våre i Vikebygd! Dei lærer å tilpasse seg samfunnet slik som det er. Dei må spele på dei som bur her for å ha det kjekt. Dei spelar blant anna på fotballag med kvarandre, på tvers av kjønn, alder og ferdigheiter. Det lærer dei til å bli gode tilpassingsdyktige vaksne, på eit tidleg stadium. Dei finner alltid nokon å vere med, fordi dei lærer seg å verte rause og godta personar for slik dei er.

Det er enklare å verte kjende med lærarar og andre elevar ved å gå i ein barnehage som er så tett på skulen. Me som er nyetablerte i bygda, og har stifta familie, kjenner på ein enorm tryggleik ved å kunne levera borna våre på skulen og i barnehagen i bygda me bur i og kor me kjenner dei fleste godt.  Borna kjenner òg til og har sett lærarar og medelevar før dei byrjar på skulen. Vik skule og barnehage har relativt nye, velhalde bygg og fasilitetar. Uteområdet i barnehagen og omegn er veldig godt egna til motorisk utvikling. Ungane får utfalde seg på ein anna måte, enn om dei må leike på ei flate med asfalt. Me er heldige og er godt bemanna med dyktige pedagogiske leiarar og assistentar, av begge kjønn. Dei tilsette i barnehagen og på skulen vert varande over tid, noko som skapar eit stabilt læringsmiljø for ungane, i alle aldrar. Dei etterutdannar seg slik at ungane våre skal få dei beste forutsetningane som er. Lærarane på skulen er òg godt utdanna, og har utdanning i alle hovudfaga som dei underviser i. Ungane våre, og me foreldre, set utruleg stor pris på jobben dei gjer, og ynskjer ikkje å bytte barnehage/skule eller bytte vekk dei som kjenner og passar på ungane våre så bra.

Stel av fritida

Dei av oss som jobbar i Vikebygd, eller andre nærliggande område, må kanskje køyre ein lang omveg, to gonger dagleg, om me ikkje har barnehagetilbod i bygda lenger. Dette vil seie at dei små ungane våre vil måtte bruke ca. 1 time kvar dag, 230 timar i året (1.150 timar i løpet av den tida dei går i barnehage), i bil. Denne tida kunne dei ha brukt til motorisk og språkleg utvikling, leik og utforsking.  Me vil òg kjenne på stor uro kring det å setje ungane våre, frå dei er 5-6-år, på bussen i 45-60 minuttar kvar veg, kvar dag, om skulen vert lagt ned. Dette utgjer ca. 10 timar i veka, 380 timar i året (2660 timar på 7 år). Dette stel mykje av fritida til ungane våre, tid dei kunne ha brukt til å vere sosiale med vener og vore i fysisk aktivitet.

Det er heller ikkje bra sett i frå eit folkehelseperspektiv. Sidan dei ikkje kan gå eller sykla til skulen, vert dei tvungne til å bruke så mange timar i løpet av ein dag på å sitje i ro på ein buss. Har kommunen rekna på korleis dette kjem til å gje utslag økonomisk når ungane våre vert vaksne? Det kan òg skje mykje anna på ein skulebuss som dei vaksne ikkje ser, blant anna mobbing. Er kommunen då førebudd på å ha god bemanning på bussen, slik at scenario som dette ikkje får moglegheit til å utspele seg? Vikevegen er òg ein dårleg skuleveg, og må utbetrast mykje, om det skulle gå så langt at kommunen går imot sin eigen visjon om levande bygder.

Me i Vikebygd vil så gjerne fortsetje med å leve heile livet vårt her, frå me er små til me vert gamle. Difor seier me JA til barnehage og skule i Vikebygd! Ja til levande bygder!

Sandra Sælemyr
på vegner av foreldrerådet ved Vik barnehage