Naudetatane rykte like etter klokka 15 ut til det som skal vere ei trafikkulykke under køyring på sjøisen i Osvågen.
— Eg har ikkje heilt oversikt enno, men det skal etter det eg veit så langt ikkje vere snakk om alvorleg personskade, opplyser operasjonsleiar Nicolai Austrheim ved Sør-Vest politidistrikt til Grannar like før klokka 15.30.
Motorsykkel og bil
Det skal vere ein personbil og ein motorsykkel involvert.
Politiet fekk melding om ulykka på isen klokka 15.05 sundag. Dei som var på isen køyrde på land etter hendinga.
FOTO: GRETHE HOPLAND RAVN
— Førar av motorsykkelen framstår som lettare skadd og blir tilsett av lege på staden, melder Sør-Vest politidistrikt i ei oppdatering på Twitter.
Ikkje gyldig førarkort
Klokka 17.45 melder politiet at dei er ferdig på staden.
— Førar av personbil blir anmeldt og førarkortet er beslaglagt. Førar av motorsykkel er køyrd til legevakt i Ølen for undersøking. Han blir anmeldt for køyring utan gyldig førarkort for motorsykkel, heiter det i ei Twitter-melding frå Sør-Vest politidistrikt.