Mobildekning i området Fikse - Opheim i Ølen er tema i dette lesarinnlegget.
Faksimile Grannar 29. mars 2021
Mobildekning i området Fikse - Opheim i Ølen er tema i dette lesarinnlegget. Faksimile Grannar 29. mars 2021

Krav om mobil- og internettdekning

Ope brev  Vindafjord kommune og Telenor om krav om mobil og internettdekning for bygdelaget Hiksdal, Høgset, Lien, Rødne,Opheim og Fikse:

Den 05. 11.18, sende eg brev til ordførar Ole Johan Vierdal, etter at Vidar Samland i Vindafjord SV den 31.10-18, tok opp saka i ein interpellasjon i kommunestyret,«Krav om mobil og internettdekning» til alle i bygdelaget frå Hiksdal til Fikse. Eg skreiv for 23 innbyggjarar i bygdelaget vårt også til Telenor om same saka.

Den 07.02.19, møtte prosjektleiar frå Telenor, Pål Lukashaugen og ordførar Vierdal til møte, der dei vart samde om eit  «spleiselag» for å få til ei betre dekking for fire fem område i Vindafjord. Pål Lukashagen sa til Grannar at «Telenor var glade for innspel frå innbyggjarane og eit brev med underskrifter frå bygdefolk frå Hiksdal til Fikse. Noko som var den direkte årsaka til at Telenor møtte opp på rådhuset før å drøfta mobildekning i Vindafjord».

Tryggleik og å vera budd på uforutsette helsefårlege situasjonar, må vera ei av dei viktigaste oppgåvene til ein kommune og til opphavlege, statlege og den ansvarlege Telenor. Og tryggleik må ikkje berre gjelda einskildbustadar, men omfatta eit heilt område der det bur folk. Dette er og eit turområde, og me veit at dekninga er dårleg og mobilen fell ut, når ein køyrer over Fikse.

Pengar må ikkje vera det som stoggar utviklinga og utbygginga av mobil og internett i 2021. Å ha tilgang til telefon, mobil og datanett er ein menneskerett. Og det må ikkje vera slik at kvar og ein må syta for seg. Me er eit fellesskap som alle andre distrikt i bygdenoreg, som har krav på skikkeleg nett for telefon, mobil og data.

I skrivande stund har Telenor gjeve melding om nedlegging av fasttelefonen. Ikkje alle har fått melding, og nokre vart svært uroa, då dei er avhengige av fasttelefonen, og berre har den til å hjelpa seg med. Fleire er tilkopla fiber utan at dei har fått ei brukande mobildekning. Dei må ty til fasttelefonen og ringja oppatt, då dei fleste ringjer frå mobil til mobil. Så me som bur her og alle dei andre som bur i utkantane, ynskjer å få eit like godt 4G mobilnett som dei som bur i sentra. Eg som skriv dette og er talskvinne for oss alle, les og høyrer om alle dei som strevar med  dårleg dekning og  vonar no at Telenor tek ansvar og hjelper kommunen med å få til god kommunikasjon for folket her. Kommunen legg til rette med tomt i Skokkaneområdet, Oppheim, og Telenor set opp mast for antenne. Masta må vera synleg for oss alle.

Dette er ei sak som engasjerer oss. Me har altfor mange år betalt for ei ufullstendig vare. Og ventar no på betre tider og vonar at kommunen og Telenor «tek spleiselaget» på alvor, og prioriterer fortgang i dekningsarbeidet, slik at me kan vera trygge på at mobilen verkar når me verkeleg treng han. Og ikkje fell ut i tid og utid.

Med  framleis optimistisk og venleg helsing for alle i bygdelaget her.

Anne-Margrethe Eidhammer
på vegner av 23 oppsitjarar frå Hiksdal til Fikse