Sjåføren kryssa dei doble sperrelinene då han tok ein u-sving i eit forsøk på sleppe unna fartsbot etter å ha blitt målt til 100 kilometer i 80-sona i Rullestadtunnelen.
FOTO: GOOGLE STREET VIEW
Rullestadtunnelen på E134 er ein vanleg stad for UP å ha fartskontrollar.
FOTO: GOOGLE STREET VIEW
Rullestadtunnelen på E134. FOTO: GOOGLE STREET VIEW

Rullestadtunnelen opna etter vel to timars stenging

Politiet melder like før kl 16.30 tysdag om brann i køyretøy i Rullestadtunnelen på E134. —Tunnelen er stengt. Naudetatane på veg, opplyser Sør-Vest politidistrikt.

Politiet valte å dirigera om trafikken via den gamle europavegen gjennom Rullestadjuvet.

Køar ved Rullestadtunnelen. Foto: Privat

Politiet:

— To personar og fire hundar er henta ut frå tunnelen. Dei har vore i den aktuelle bilen. Trafikken flyt fint på den gamle vegen utanfor tunnelen.

Politiet sine opplysningar tyder på at det har vore røykutvikling i ein bil med ei campingvogn på slep, og at den skal vera sløkt med brannsløkkingsapparat. Bilen og campingvogna blei ståande 300-600 meter inn i tunnelen frå vest. Førar har fått i seg noko røyk og framstår som lettare skada, opplyser Sør-Vest politidistrikt.

Trailarar møtte stengt tunnel. Foto: Privat

Saka framstår som eit motorhavari. Det er noko oljesøl i vegbanen Bergingsbil blir rekvirert for fjerna det aktuelle køyretøy, opplyser politiet. Personane i bilen blir tatt med til legevakt for sjekk.

Siste:

Politiet melder like over kl 18.30 at bilbegar har henta ut både bil og campingvogn frå tunnelen. Vegen er rydda for oljesøl og er nå opna igjen.