Torleif Grimås.
Arkivfoto: Anne-Britt Grindheim
Laksetrapp i Låkafossen
Eg var på årsmøte til Vikedal elveeigarlag og der blei ei av sakene teke opp om å få bygd laksetrapp i Låkafossen. Dette er styre svært så interessert i å få til. Kjem laksen opp der, er der mange gode gyte- og fiskeplassar opp gjennom heile dalføret der, men dei treng eldsjeler til å få dette til.
Eg, har eit forslag; innkall til eit møte i det gamle skulehuset, der som dei brukar å ha møte i, for dei som bur i Fjellgardane. Ein i styre til elveeigarlaget måtte vera med der, og få dei til å melda seg inn i elveeigarlaget. Det er jo heilt gratis å melda seg inn der.