Foto: Privat
Foto: Privat

Vegkaoset går mot ein ende — nå får bilane frå Ølen omsider køyre

Rett før klokka 22.00 skriv Vegtrafikksentralen Vest på Twitter at bilberginga på E134 på Fikse er ferdig og at det nå er opna for fri ferdsel.

Bilistar i Ølen fortel om at dei framleis må stå.

23.01 presiserer Vegtrafikksentralen at Mesta drive med opprydningsarbeid og brøyting på strekninga og at det meldast om køar i området. 23.21 meldte Mesta seg ferdig og Vegtrafikksentralen meldte om fri ferdsel igjen.

23.23 opplyser Leif Krogh at han har fått klarsignal til å køyre frå Fatland og heim til Hiksdal.

Trafikkaos på Fikse