Håfoss bru i Etne blir erstatta med ny E134 i tråd med at Bakka-Mo no er inne i komande NTP.
ARKIVFOTO
Håfoss bru i Etne er ein del av dagens E134 som bli erstatta av ny europaveg i Etne. Illustrasjonsfoto FOTO: Foto: Arne Frøkedal

Samferdselsministerens bestillingsverk 

Rett før vi alle tok påskeferie, kom statsetatene med ansvar for veg, tog og fly med sine faglege innspel til samferdselsministeren på deira prioriteringer for byggeprosjekt den komande tolvårs-perioden. Dette var etatane sine svar på den bestillinga som er gått ut frå regjeringa til komande Nasjonale transportplan (NTP).

Etatane sine anbefalingar er skuffande for alle som er opptatt av behovet for å investere i infrastruktur og transportløysingar som kan styrke konkurransekrafta vår og bidra til å løysa framtidige transportutfordringar.

Det er forståeleg om mange no er sinte og frustrerte når dei ser at nettopp deira veg eller samband er sett ut i tid eller teke ut av prioriteringslista. Det var inga god helsing å få med seg inn i påskeferien, og det er heller inga trøyst at det er mange i same båt. Årsaka er ganske enkel – denne regjeringa har ikkje samferdsle som sitt satsingsområde. Dei vurderer ikkje samanbygging av regionar, landsdelar og samfunn som vesentleg for å oppretthalde arbeidsplassar og sikre god utvikling i heile landet. Dei ønskjer ikkje å bruke pengane på dette feltet.

Me meiner at fagetatane, nærmast på bestilling av samferdselsministeren, ikkje har tatt tilstrekkeleg omsyn til behovet for å investere i veg- og jernbaneprosjekt som kan binde landet saman og styrke vår regionale tilknyting. Høgre fryktar at dette vil ha negative konsekvensar for næringslivet og arbeidsplassar i heile landet.

Det kan synast som ein håplaus kamp for sitjande ordførarar rundt om i landet å skulle kjempe inn sine eigne prosjekt att i det politiske arbeidet som no står framom oss. Det er stor fare for at det vert polarisering og kampar regionar i mellom og internt i regionar.

Førre nasjonale transportplan, framlagt av regjeringa Solberg, skapte ro i landet fordi vi fekk på plass viktige vegprosjekt prioritert etter samfunnsnytte. No er alt på ny satt i spel.

I motsetning til dagens regjering ynskjer Høgre å satse på samferdsel. Når NTP-en blir sendt til Stortinget, vil vi jobbe knallhardt for å realisere fleire vegprosjekt og løfte investeringstakta både på vedlikehald og nybygg.

Liv Kari Eskeland, Stortingsrepresentant fra Høyre