Bjørn Frode Hustoft (f.v.) i Kalstveit og Vik, Øyvind Nordtveit i Knapphus Kjøkkensenter, Narve Susort i Kalstveit og Vik og Olaf Magnus Haavik i Hatteland-gruppen er klare for å gi Knapphusfeltet eit bustad-løft. Nå er gravearbeidet på tomta i gang. Arkivfoto: Svein-Erik Larsen
Bjørn Frode Hustoft (f.v.) i Kalstveit og Vik, Øyvind Nordtveit i Knapphus Kjøkkensenter, Narve Susort i Kalstveit og Vik og Olaf Magnus Haavik i Hatteland-gruppen er klare for å gi Knapphusfeltet eit bustad-løft. Nå er gravearbeidet på tomta i gang.

Byggjer stort for bygda

Frå 2015 til 2022 blei det over 80 færre innbyggjarar i Vats. Nå håpar ei lokal initiativgruppe beståande av fleire Vats-bedrifter at ei trinnvis bustadutbygging i Knapphusfeltet kan gi nytt liv til bygda.

Publisert Sist oppdatert

— Me vil at folk skal ha noko å flytte heim til, seier Olaf Magnus Haavik i Hatteland-gruppen.

Saman med Bjørn Frode Hustoft og Narve Susort i Kalstveit og Vik, og Øyvind Nordtveit i Knapphus Kjøkkensenter, viser han fram tomta der det snart skal byggjast ein firemannsbustad og ein tomannsbustad. Knapphus Energi er også involvert i planane.

Innflytting neste sommar

Den kommande firemannsbustad og tomannsbustaden ligg på ei tomt på cirka 1,5 mål. Dette er første del av ei trinnvis utbygging av opp mot cirka 20 mål. Her skal det komme ein kombinasjon av leilegheiter, einebustadar og rekkehus.

— Det kan bli opp mot 30 einingar etterkvart, fortel Nordtveit.

Hustoft ser på Knapphusfeltet som ein attraktiv plass å bu, og trekker fram at det er mange fine turområde i nærleiken. Aktørane har gjennomført møter med kommunen og grunneigarar. Haavik presiserer at det er positivt at kommunen bidrar med trafikksikringsmidlar.

Behovet for å leggje om ein veg har bremsa planane, men nå er det klart til å gjerast. Bygginga av den første firemannsbustaden startar snart, før arbeidet med tomannsbustaden vil starte.

— Bygginga tar cirka eit år, så me tar sikte på innflytting neste sommar, fortel Hustoft.

Det blir eit lite carport-anlegg for bilane. Hustoft omtalar at dei har lagt opp til ei veldikehaldsvennleg løysing med bra standard, litt inspirert av funkis-hus. Bueiningane vil vere cirka 75-80 kvadratmeter store.

— Her skal det vere høve for dei fleste til å kjøpe seg bustadar. Me bygger einingar i forskjellige prisklassar, seier Hustoft.
Situasjonskart over området. Teikning: Berge Sag

Bygdeinitiativ

Det er brei semje blant kvartetten om at dei satsar på bustadbygging for å få fart på lokalsamfunnet, ikkje tene pengar. Hustoft omtalar prosjektet som eit lokalt spleiselag.

— Bygginga skal skje med lokale hender frå bedrifter rett rundt hjørne, seier Hustoft.

Haavik forklarar at ideen spring ut frå gruppa Vats i Vekst, som består av Johannes Sjurseike, Stig Hatteland, Monica Nesheim, Sigbjørn Gjellestad og Asbjørn Velde. Sjurseike er også involvert som dagleg leiar i Knapphus Energi. Han hadde ikkje høve til å vere med ut på tomta denne dagen, men fortel om prosessen på telefon:

— Me har venta på å kunne gå i gang med bygginga lenge. Ideen kom for over eit år sidan, fortel Sjurseike.

Vats i Vekst tar imot idear og formidlar dei vidare til kommunen. Sjurseike opplyser at dei også jobbar med eit bustadfelt i Åmsosen, så vel som turstiar.
Her skal det vere moglegheiter for dei fleste til å kjøpe seg bustadar
Bjørn Frode Hustoft, Kalstveit og Vik

Ringverknadar

Med aukande renter og vanskane som førte til at kommunestyret gjekk inn for å leggje ned Vindafjord Tomteselskap, er initiativtakarane klare over at dette ikkje blir spådd til å vere ei gylden tid for bustadutbygging. Likevel er dei svært positive til at dei kan lukkast.

— Eg trur at når ein ser på området her, vil mangelen på bustadar medverka til ein litt betre marknad enn Vindafjord generelt. Einebustader i Vats blir selt med ein gong dei blir lagt ut, seier Nordtveit.

Særleg mangelen på leilegheiter i bygda gir Nordtveit tru på prosjektet. Initiativtakarane representerer delar av eit Vats-næringsliv i stor framgang dei siste åra. På befolkningsfronten har det gått litt tyngre. I 2015 var det 1.418 innbyggjarar i Vats. Sju år seinare var talet 1.334.

— Vats har mista folk til nabobygdene, blant anna fordi det har vore manko på tilbod å bygge på. Held fråflyttinga fram, vil det på sikt gå utover skule- og barnehage, trur Nordtveit.

Han ønskjer at bygginga i Knapphusfeltet skal bli eit springbrett for meir aktivitet i bygda. Initiativtakarane ser fleire positive faktorar som er på gang i Vats framover. Nordtveit trekker fram bygging av ny symjehall og bygdehus, mens Haavik nemner utvidinga av Nausthaugen barnehage i Åmsosen. Så langt har initiativtakarane fått god respons i lokalmiljøet.

— Folk er positive til at det skjer noko. Me ønskjer alle at ungdomane våre etablerer seg og blir verande i Vats, seier Nordtveit.

Fasade på firemannsbustaden. Teikning: Berge Sag
Tomannsbustaden. Teikning: Berge Sag
Den første tomannsbustaden. Teikning: Berge Sag
Powered by Labrador CMS