Slik kan det sjå ut på Dommersnes om nokre år. 
Illustrasjon: Multiconsult
Den første illustrasjonen av korleis det kan sjå ut på Dommersnes om prosjektet blei sterkt kritisert for å ikkje gi eit korrekt inntrykk av storleiken. Illustrasjon: Multiconsult

Dialog og involvering – viktige brikker for nøgde innbyggjarar og positiv befolkningsutvikling

7. februar i år blei ei «kjend og kjær» problemstilling på nytt aktualisert. Denne gong for næringsliv, hytte- og bygdefolk i Vikebygd. Litt ut av det blå innkalla Vindafjord Kommune (VK) og Westcon til informasjonsmøte om ei mogleg industriutvikling på Dommersnes i Vikebygd. Møte skulle holdast 16. februar, og responsen vart enorm. Salen på bygdahuset i Vikebygd var fullstappa av fastbuande, hyttefolk og næringsdrivande, som alle var nysgjerrige på kva som no var planlagt. Det blei presentert enorme planar for å nytta området til samanstilling av havvindturbinar, illustrert med nokre kartskisser og redigerte bilete.

Når ordet blei fritt i salen nytta fleire høve til å seie si meining, positive, så vel som negative. Det som fleire beit seg merke i, var innlegget frå Grendautvalget (GU), representert ved Gunn Vikingstad. Informasjonen og planane som blei presentert kom som lyn frå klar himmel for dei. Slik det blei lagt fram, så vil ei fullskala utbygging endre bygda og Ålfjorden for all tid. At GU ikkje hadde fått nokon informasjon i forkant blei, med rette, poengtert, og representantane frå VK og Westcon lova bot og betring.

I etterkant av informasjonsmøtet blei det stilt. Det begynte raskt å versera rykte om at utviklinga på prosjektet gjekk for fult og at avtaler blei gjort. Andre rykte beskreiv at heile prosjektet var lagt dødt.  Ei uro begynte å festa seg hjå fleire. Ei uro for framtida og kva den ville bringe. Og ikkje minst, misnøyen mot kommunen og prosjektet vaks, og det raskt.

Misnøya og usikkerheita rundt prosjektet på Dommersnes gjorde seg etterkvart tydeleg i sosiale media og «rundt kaffikoppen». På bakgrunn av dette, stilte Bjoa Bygdeliste (nå Vindafjordlista (VL)) v/ Anna Klette Steinsland, eit grunngjeve spørsmål til ordførar Vierdal i kommunestyret 16.mai. Der ville ein blant anna har svar på kva som blei gjort for å involvera fastbuande og andre berørte av utbygginga på Dommersnes, korleis dei såg føre seg å ivaretar gode prosessar gjennom involvering og dialog vidare i prosjektet.  Sjølv foreslo  Steinsland at eksempelvis GU kunne ha ein fast representant i prosjektgruppa.

Vierdal svara så godt han kunne og forklara at det ikkje har vore så mykje informasjon å dele, men at det har vore dialog med GU for å få til eit møte. (I etterkant av kommunestyret har det vore eit møte mellom det som i dag heiter Windafjord Port og GU). At det ikkje er så mykje informasjon å dele, er også informasjon. I ein situasjon der det meste er ukjend er det mykje hjelp i ein synleg kommuneadministasjon. Ein kan også leggje merke til at Vierdal snakkar om å gi informasjon, men lite om dialog og involvering.

Behovet for informasjon og moglegheitene for å fjerna usikkerheit, er grunnleggande for alle menneskje. Det å kunne planleggja morgondagen og vite kva som kjem, er for dei aller fleste essensielt for god trivsel og glede. For å bøte på dette søkjer ein etter informasjon og faktorar som gjer kvardagen meir forutsigbar. I det nemnde dømet er det VK og Westcon som er premissleverandøren.

Vindafjordlista ynskjer å jobbe for positiv utvikling i alle dei 9 flotte bygdene i Vindafjord Kommune, og utvikle det unike særpreget som kvar einaste bygd har. Me ynskjer innbyggjarar som trivast og som ser ei framtid på staden dei har valt å busetja seg. Dette meiner me blant anna kan gjerast ved å involvera berørte parter i kommunale prosessar i langt større grad enn det blir gjort i dag, og å leggja til rette for dialog framfor monolog. Kommunen skal vera ein lagspelar og ikkje ein motspelar, og gjennom transparente og opne prosessar skal ein ivareta lokaldemokratiet og grunnleggjande rettigheiter.

I ei tid med negativ befolkningsutvikling må ein sjå på alle moglege verkemiddel for å få folk til å busetja seg og trivast i Vindafjord. Innbyggjarar som reklamerer og framsnakkar kommunen dei bur i, er kanskje det billigaste og mest effektive verkemiddelet me har.

På vegne av Vindafjordlista

Ivar Ødegård, listekandidat