Guri Ravatn. Toppkandidat for Sosialistisk Venstreparti, Vindafjord
Foto: Privat
Guri Ravatn. Foto: Privat

Vil behalde dagens skulestruktur

Det er snart kommuneval og valkamp. Kven er på topp i kvart parti, og kva står dei for? Det skal du her få svar på, og i dag snakkar me med Guri L. Ravatn, toppkandidaten i Vindafjord SV

— Korleis kom du inn i, og kor lenge har du vore aktiv i politikken?

— Då det vart starta SV-lag i Vindafjord kring 2011 bestemte eg meg for å bli aktiv.
Livs- og arbeidssituasjon gjorde då at «nå er det min tur»

— Kvifor vil du vere politikar?
— Mi haldning er at eg er folkevald, ikkje politikar. Eg ønskjer å vera med på å gjera det eg kan for at fordeling, framtid og berekraft skal visa att i oppvekst og levekår for oss alle.

— Kva trur du blir den viktigaste saka for deg i komande periode?
— Litt vanskeleg å peika på ei sak. SV som parti har fordeling, klima og trygge lokalsamfunn som sine saker. Det vil eg følgja opp.

— Kva vil ditt parti bidra med for å få til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom?
— Mange barn, i Vindafjord over 150, veks opp i ein låginntektsfamilie. Desse må me aldri gløyma. I botn ligg gode allmenne tenester, som barnehage, SFO og skule. Kommunestyret vedtok i fjor å skriva under Fritidserklæringa, som inneber at alle barn skal ha høve til å delta i ein fritidsaktivitet saman med andre. Me må jobba meir med å få realisert det.

Valvignett

— Korleis bør kommunen møte eldrebølgja?
— Prioritera frisklivs- og folkehelsetiltak. Kan me utsetja tidspunktet for å bli tenestemottakar med ein månad eller fleire for kvar av oss, er det stor gevinst for kommunen – og ikkje minst for den einskilde. Eldre er også ein ressurs, ikkje ei bør. Her må måten me snakkar på, endrast.

— Korleis vil ditt parti bidra til at det skal vere mogeleg å drive aktivt landbruk framover?
— Me treng eit kompetent og serviceinnstilt «landbrukskontor», som rettleiar og hjelper fram dei som ønskjer å driva landbruk. Vern av jordbruksjord er viktig. Mykje vert elles avgjort i dei sentrale landbruksforhandlingane.

— Kan Vindafjord kommune klare seg utan eigedomsskatt?
— Nei. Skal me oppretthalda det tenestetilbodet me har i dag, må me ha eigedomsskatt. Fritak i nokre år for første bustad eller høgare botnfrådrag kan eventuelt vurderast.

— Bør Etne og Vindafjord kommune slå seg saman?
— Me klarer oss bra kvar for oss! Og, me samarbeider om fleire tenester. Det er ein styrke.

— Korleis stiller du deg til bygging av ny symjehall og bygdahus i Vats?
— SV er ikkje representert i formannskapet og har derfor ikkje møtt denne saka sidan budsjettvedtaket for 2023- 2026. Der var investering kostnadsrekna til 150 millionar kroner og drift til 6 millionar kroner per år. Dette støtta me den gang og står fast på det. Men, dersom totalkostnaden avvik frå dette, kan standpunktet bli eit anna. Me har prioritert desentralisert barnehage- og skulestruktur og må sikra pengar til oppgradering og drift der, først.

Bør Vindafjord behalde dagens skulestruktur?
— Ja. Og då må me prioritera det!

Korleis bør industriområdet på Dommersnes utviklast?
— Industriområdet må utviklast på ein måte som er skånsam for naturen. Derfor må det grundige konsekvensutgreiingar til, før drift vert sett i gang og før området vert utvida. Naboar må orienterast jamleg. Førebels har SV støtta oppstart av samarbeid mellom Vindafjord kommune og Westcon. Konsekvensutgreiingar avgjer framtida.

— Kva meiner du er dei tre viktigaste grunnane til at ein bør stemme på ditt parti?

  • SV har ei klar haldning til klima og natur; NEI til vindkraft!
  • SV har tru på det unike med Vindafjord; levande bygder og eit sterkt kommunesenter.
  • SV vil ha tiltak for barn i låginntektsfamiliar. Til dømes søskenmoderasjon på tvers av SFO og barnehage og støtteordning for å delta i fritidsaktivitetar.

Faktaboks

Namn: Guri L. Ravatn

Alder: 68

Sivil status: Gift, 2 barn og 5 barnebarn

Bustad: Ølen