Varaordfører Kenneth Karlsen (Frp) har bedt om eit møte med olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) om den betente saka kring nytt straumnett på Haugalandet.ARKIVFOTO
Varaordfører Kenneth Karlsen (Frp) har bedt om eit møte med olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) om den betente saka kring nytt straumnett på Haugalandet.ARKIVFOTO

Kraftlinja

Kommunen ber om hastemøte med olje- og energiministeren

Varaordførar Kenneth Karlsen (Frp) i Etne meiner det framleis må vere mogeleg å få til ei løysing med jord- og sjøkabel framfor såkalla monstermaster gjennom naturen i Etne og Vindafjord. På vegner av kommunen har han no bedt om eit snarleg møte med olje- og energiministeren.

Publisert Sist oppdatert

Statnett ønskjer som kjent flere mil med nye 450 kV kraftlinjer i luftspenn frå Blåfalli i Kvinnherad, via fjell og åsar i Etne og Vindafjord, til Haugaland Næringspark i Gismarvik i Tysvær. Planane har møtt motstand, spesielt blant mange innbyggjarar i Etne. Dette har mellom anna kome fram gjennom ei rekke debattinnlegg i Grannar dei siste vekene, og i Etne er det både privatpersonar og politikarar som jobbar for å få myndigheitene til å tvinge Statnett til å heller velje ei løysing med jord- og sjøkabel. Noko som har blitt avvist av Statnett, fordi dei meiner det blir for dyrt.

Fleire frontar

Men dei som kjempar mot dei såkalla monstermastene får også motstand. Fleire av Høgre sine ordførarkandidatar på Haugalandet, mellom dei Modolf Haraldseid i Vindafjord, har tatt til orde for at Statnett må få sin konsesjon så raskt som mogeleg. Dei har stortingsrepresentant Sveinung Stensland (H) frå Haugesund med på laget, og Ii et lesarbrev siste veke gav dei nemnde Høgre-politikarane uttrykk for sin frykt for at mogelegheiter for næringsutvikling i regionen forsvinn viss saka dreg ut i tid. Stensland har også stilt eit skriftleg spørsmål til olje- og energiminister Terje Aasland (Ap), kor han etterlyser fortgang i saka.

I sitt svar til Stensland, skriv olje- og energiministeren at saka no er under sluttbehandling, og at han tar sikte på ei avgjerd så raskt som mogeleg. Det uroar sjøkabel-forkjemparane som no fryktar for at det kan bli tatt ei hasteavgjerd i favør av luftspenn.

Etne ber om møte

Onsdag denne veka sendte varaordførar Kenneth Karlsen (Frp) i Etne eit formelt brev til olje- og energidepartementet, kor han skriv at han registrert at olje- og energiministeren vil framskynde saka, og at Etne kommune difor ber om eit møte ministeren.

Brevet han sendt på vegner av kommunen. Ordfører Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) er ugild i saka, som følgje av at hun er Vestland fylkeskommune sin representant i styret i Sunnhordland Kraftlag, og grunna ferieavvikling i administrasjonen er det varaordføreren som følgjer opp Statnett-saka.

I brevet minner Karlsen om at eit samrøysta kommunestyre i Etne krev ein grundig vurdering av alternativet med sjø-og jordkabel, noko han meiner ikkje er gjort.

— Rapporten som er laga er eit grovt prisestimat, og Statnett har i folkemøte her lokalt gitt uttrykk for at ein sjø- og jordkabelløysing er realiserbar i dette prosjektet, skriv han i brevet.

Han argumenter med at Etne kommune er ein populær kommune for både innbyggjar og turistar for å ferdast i fjella, og det området som er planlagt for linjebygging er i Gullruta», som er urørt natur.

— Me meiner at me vert svært skadelidane som kraftkorridorkommune», om denne kraftutbygginga vert bygga slik som NVE har tilrådd ditt departement, skriv Karlsen.

Ny synfaring?

Overfor Grannar gir Karlsen uttrykk for at Statnett også overfor han personleg har uttrykt at det er mogeleg å velje jord- og sjøkabel, men at dei har vist til at det er ei meir enn 10 år gamal stortingsmelding som legg føringar for at linjer med 450 kV-kapasitet fortrinnsvis skal gå i luftspenn, noko Statnett meiner dei er forplikta til å lege seg på i sitt arbeid.

Karlsen peiker på at det i den aktuelle stortingsmeldinga er opna for å gjere unntak, og at kommunen difor vil drøfte alternativa med ministeren. Han ber også Terje Aasland kome på synfaring sjølv.

— Ministeren har ikkje vore i området sjølv, og har heller ikkje vore i direkte kontakt med oss på politisk nivå, poengterer han overfor Grannar.

For sitt eiga part sitt vedkommande seier Karlsen at representantane frå Vestland er lydhøyre for Etne kommune sine argument.

— Og Terje Søviknes, som er Vestland Frp sin førstekandidat i fylkestingsvalet, er på same side som oss i denne saka, også han meiner det er sjø- og jordkabel som bør vere løysinga, seier Karlsen.

Torsdag ettermiddag hadde varaordføraren førebels ikkje fått svar på førespurnaden om eit møte med olje- og energiministeren.

Powered by Labrador CMS