Klokka 14:31 kom det inn melding frå operasjonssentralen Sør-Vest politidistrikt at ein bil skal ha køyrt av vegen mellom Etne og Ølen. Ulykka har skjedd på hovudvegen, E134, like over kommunegrensa, mot Etne.
Politiet opplyste då at førar av bilen var skadd, men bevisst.
Klokka 15.51 melde politiet at føraren er undersøkt av helse, og at han ikkje er skadd.
Trafikken blei dirigert på staden etter hendinga, men klokka 15.01 var vegen opna for fri ferdsel.
— Vitne har opplyst at køyretøyet kom over i motsett køyrefelt og køyrde opp på ein jordvoll. skriv Sør-Vest politidistrikt i Politiloggen.
Seksjonsleiar Kari Rørtveit opplyser til Grannar måndag at ein motgåande bilist måtte svinge unna bilen som kom over i motsett køyrefelt.
— Så her kunne det raskt ha skjedd ei meir alvorleg ulykke, seier ho.
Politiet har oppretta sak og førarkortet til sjåføren, ei kvinne i 40-åra, er beslaglagt.
Ulykkesbilen var på veg vestover då hendinga skjedde. Sjåføren er ikkje frå Grannar-distriktet.