Siste bilde er tatt. Men, fotografen sitt arbeid vil leva vidare. Torsdag i sist veke gjekk Jan Ilstveit Nordtveit brått ut av tida, berre 64 år gamal.
Bonden og fotografen Jan Nordtveit på Ilstveit i Imsland sparka småstein på Tau i Strand kommune i lag med dei to systrene sine. Men i 1978 tok foreldra (Erik og Jenny) med seg heile ungeflokken og reiste til Imsland fordi Ola Ilstveit, onkelen til mora, trong hjelp på garden.
Derfor var utdanningsvalet lett for Jan. To vintrar på Tveit jordbruksskule der planlegging av drifta av garden heime på Ilstveit stod sentralt. Med stort pågangsmot og i samarbeid med mora utvikla han ei solid gardsdrift med hovudvekt på mjølk og sau.
Men det var óg ein annan lidenskap han leikte med og ville dyrka, nemleg fotografering. Frå å vera ein hobby vaks talentet fram og det blei etterkvart levebrødet hans. Mange er me som har eit eller fleire bilde som Jan har komponert. Laget han hadde med folk, ung eller gamal, fekk fram det beste, det karakteristiske med det som skal festast til «filmrullen».
Jan var ein likandes kar som det var lett å bli glad i, og det har nok óg vore ei viktig drivkraft i at kua blei bytt ut med fotoapparatet på heiltid. Han likte aldri å setja seg sjøl i sentrum, men arbeidet hans sette han likevel i sentrum gjennom dei mange prisane han har fått for arbeida sine – både i Noreg og internasjonalt. Prisar me veit han sette pris på og som førte til at han fekk vera med å peika ut vinnarar til svensk meisterskap i fotografering.
Nyleg var eg saman med Jan på reise i Amsterdam på oppdrag. Han gledde seg over at han var blitt bestefar og at han skulle få vera med å følgja nye generasjonar etter seg, noko far hans i liten grad fekk vera med på.
Sanneleg er livet skjørt og dagane blir tunge for familie og vener. Spesielt går tankane til kona Reidun og dei tre sønene til Jan, Espen, Henning og Ole. For Jan sto alltid familien i sentrum, og han var umåteleg stolt av sine næraste.
Om han er ute av tida vil spora etter arbeida hans leva vidare i mange heimar og møtepunkt.
Einar Schibevaag