Lisa Marie Ness Klungland, andrekandidat
Rogaland Senterparti.
Lisa Marie Ness Klungland gler seg over det rekordhøge tilbodet til bøndene.
FOTO: ROGALAND SP
Lisa Marie Ness Klungland er klar for større oppgåver på Stortinget. FOTO: ROGALAND SP

Frp har ingen grunn til å angripa Sp

I sommar skreiv eg om kor viktig det er at me i Stortinget i juni stemte for ein betre, breiare og tryggare veg over Fikse. Kor viktig det var at det blei hastebehandla i transportkomiteen, og at me fekk ei løysing før sommaren. Statens vegvesen har sagt at om alt går etter planen vil det bli oppstart på Fikse nå til våren. Pengane til dette kjem ved hjelp av ei forlenging av Haugalandspakken, som ikkje vil gje nokon endringar i bompengar frå i dag, utanom at Karmøy sine forsvinn. Det betyr at det ikkje blir sett opp fleire bomstasjonar og me må heller ikkje betala meir over Hodnafjell.

I ettertid av dette har eg blitt angripe av både lokale og nasjonale Frp-politikarar. Eg har forståing for at det er vanskeleg å forsvara at dei nasjonale politikarane stemte mot, i alle fall når dei i regjering stemte for bompengar. Det er vanskeleg å forsvara at dei nasjonale politikarane stemmer mot at me skal få ein betre veg. Då er kanskje det enklaste å gå i angrep. Senterpartiet har blitt angripe på det eine og det andre, nå seinast i eit innlegg i Grannar skrive av stortingsrepresentant Terje Halleland (Frp). Noko av det som blir påstått er usant og noko av det er sterkt overdrive.

Nokre av spørsmåla han stiller, kan eg gjerne spørje tilbake. Halleland lurer på om me har fått betre vegar med bompengar, og påstår at me på grunn av bompengar har fått dei dårlegaste vegane i Nord-Europa. Me har dårlege vegar fordi det ikkje har blitt prioritert å bygga veg over heile landet. Det blei knapt sett i gong eit einaste vegprosjekt i Rogaland med ein samferdsleminister frå Frp (og Rogaland!), og det som blei starta var med bompengefinansiering. Vegvedlikehaldet på fylkesvegane våre heng såpass bak at me må gå inn med fleire titals milliardar for å få dei opp på dagens standard. Og då føreslår i tillegg Frp å kutta to milliardar til fylkeskommunane som har ansvar for dette! Det vil bety mindre utbygging og vedlikehald på fylkesvegane.

Store deler av samferdslebudsjettet er av førre regjering bunde opp i vegprosjekt som er svære og dyre, blant anna tog på Austlandet. Det er ikkje bra. Det gjer det vanskeleg for dagens regjering å prioritera pengane der det faktisk trengst. I Nasjonal transportplan (NTP) blei det aldri fleirtal for å ta inn Bakka-Solheim, den fekk berre heiderleg omtale. Det vil seia at den ikkje ville blitt prioritert før tidlegast 2036. Frp meiner at me skal skrota Haugalandspakken og dimed ikkje bygga breiare veg over Fikse. Dei vil heller venta på Bakka-Solheim. Eg har ikkje tid til å venta til 2036, og det trur eg ikkje dei som bruker vegen over Fikse har heller.

I Rogaland er me einige i at Bakka-Solheim skal prioriterast inn i NTP. Det skal eg kjempa for at den gjer når me skal behandla den neste gong. Då får me prioritert den på lista over viktige vegprosjekt, og det vil forhåpentlegvis ikkje ta lang tid før det blir satt av pengar til oppstart. Nå må pengar til oppstart av ny tunell mellom Seljestad og Røldal koma i statsbudsjettet som kjem i oktober.

Lisa Marie Ness Klungland

Stortingsrepresentant for Rogaland Senterparti