Modolf Haraldseid, ordførarkandidat for Vindafjord Høgre. Foto: Jon Edvardsen
Modolf Haraldseid, ordførarkandidat for Vindafjord Høgre. Arkivfoto: Jon Edvardsen

Vi treng å bli fleire – Høgre vil derfor leggja betre til rette for barnefamiliar

Regjeringa går inn for gratis barnehage i Troms og Finnmark. Tiltaket ville hatt god effekt for barnefamiliar i heile landet. Ei av dei største utfordringane i Noreg er at det vert født for få barn. Dermed vert vi for få arbeidsføre til å ta seg av  eit aukande antal eldre. Dagens fødelsrate er om lag 1,5 barn, mens vi må ha 2,1 barn i snitt for å oppretthalda folketalet. Det må derfor leggjast betre til rette for at det kan fødast og fostrast opp barn. Innbyggjarar i alle aldersgrupper vil vera tjent med  at ein sikrar dagens og komande generasjionar. Dette kan vi ikkje ordne gjennom oljefondet aleine.

Vindafjord Høgre vil derfor prioritera dette arbeidet i komande valgperiode. Me vil innføra gratis skulefritidsordning (SFO) og leggja betre til rette for at foreldre får plass til barna sine i barnehage når dei treng det. Me vil styrka arbeidet med utbygging av bustadareal og frita nyetablerte for eigedomsskatt dei første fem åra. Samstundes vil me stimulera eit allerede blomstrande næringsliv med tilretteleggjing av nye næringsareal og leggja til rette for at det er lett å driva og etablere bedriftar i kommunen. På denne måten vil me sikra gode kommunale rammevilkår for bedrifter og tryggja arbeidsplasser for dei tilsette generelt og barefamiliar spesielt.

Det er dette som er dei tre hovedsakene til Vindafjord Høgre i dette valet

Modolf Haraldseid

Ordførarkandidat Vindafjord Høgre