Wenche S. Lilleland er svært skeptisk til kommunedirektøren sitt kuttforslag. Foto: Svein-Erik Larsen
Wenche Sandbekken Lilleland. Arkivfoto: Svein-Erik Larsen

Vil gi barn rett hjelp til rett tid

Det er snart kommuneval og valkamp. Kven er på topp i kvart parti, og kva står dei for? Her er det Vindafjord Arbeiderparti sin ordførarkandidat Wenche Sandbekken Lilleland som svarar.

— Korleis kom du inn i, og kor lenge har du vore aktiv i politikken?

— Eg har vore med i 16 år. Eg kom inn i politikken fordi eg håper å kunne påverke til at Vindafjord skal vere ein god kommune å vekse opp.

— Kvifor vil du vere politikar?

— Eg vil jobbe for eit trygt og godt barnevern som gir rett hjelp til rett tid. Godt førebyggjande arbeid. Eg vil jobbe for rettigheitene til personar med funksjonsnedsetjing slik at dei får de tilboda dei har rett på, som blant annet feriereiser med personalet. Eg ønskjer god mobildekning/internett i heile kommunen.

— Kva trur du blir den viktigaste saka for deg i komande periode?

— Rettigheitene til personar med funksjonsnedsetjing er viktig for meg. Og at det kjem ei rettferdig ordning når det gjeld oppreising for personar som ikkje har fått rett hjelp i oppveksten frå barnevernet.

Valvignett

Valvignett

— Kva vil ditt parti bidra med for å få til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom?

— At vi har nok kvalifiserte lærarar og hjelpepersonell i skulen. Eg vil jobbe med å få inn igjen SLT-koordinator og jobbe med godt forebyggjande arbeid.

— Korleis bør kommunen møte eldrebølgja?

— Den eldre delen av befolkninga vil auke i åra som kjem. Vi bør sette i gang grundig arbeid for å planlegge korleis eldreomsorga skal vere dei neste ti åra. Blant anna omsorgsbustader, heimesjukepleie, sjukeheimar, dagsenter med meir må vurderast i dette arbeidet. Vi vil jobbe for at alle flinke hendene vi treng i framtida ønskjer å jobbe i kommunen vår og vere ein attraktiv arbeidsgjevar.

— Korleis vil ditt parti bidra til at det skal vere mogeleg å drive aktivt landbruk framover?

— Vi vil legge til rette for at det skal framleis vere eit levende landbruk i alle bygdene. Landbruket har stor betydning i kommunen.

— Kan Vindafjord kommune klare seg utan eigedomsskatt?

— Det hadde vore ønskeleg.

— Bør Etne og Vindafjord kommune slå seg saman?

— Nei.

— Korleis stiller du deg til bygging av ny symjehall og bygdahus i Vats?

— Det er veldig gledelig at det er i gang, og sjølvsagt skal det bli både svømmehall, terapibasseng og bygdehus.

— Bør Vindafjord behalde dagens skulestruktur?

— Vi stemte i mot skolestrukturen som det blei fleirtal for. Vi ønska ei endring i dagens struktur. Nå er det vedtatt at vi fortsatt skal ha ni skular. Difor tar ikkje vi initiativ til å bringe dette på banen igjen i denne omgang.

— Korleis bør industriområdet på Dommersnes utviklast?

— Området på Dommersnes må vidareutviklast og marknadsførast. Kaien bør også i framtida vere kommunal, inntil bedrifter kjøper areal skal kaien vere i kommunal eige.

— Kva meiner du er dei tre viktigaste grunnane til at ein bør stemme på ditt parti?

— At vi skal vere en god kommune å vokse opp i og gi barn rett hjelp til rett tid. Det skal arbeidast for å få på plass SLT-koordinator i kommunen eller saman med ein annan kommune. Vindafjord skal vere ein god kommene når du treng omsorg

Faktaboks

Namn: Wenche Sandbekken Lilleland

Alder: 63

Sivil status: Gift med Tjerand Lilleland

Bustad: Fjellgardane i Vikeda