FOTO: SV
FOTO: SV

Kva skjer no?

Ja, kva skjer etter valet? Når T-skjortene er lagt i vaskekorga, paviljongen er til tørk, valbrosjyrane er gått i containaren og kun nokre karamellar og kulepennar er att? Det er då det gjeld, det er då valløfte og luftige svar, skal bli omsett til praktisk politikk.

Vindafjord SV har ikkje kome med store ord og løfte i denne valkampen. Programmet er tufta på dei standpunkt og konkrete resultata me har hatt i åra som har gått. Det er partiet sine verdiar som gjeld. Difor vil SV jobba vidare for eit lokalsamfunn som er rettferdig, varmt og inkluderande og med mindre skilnader og like muligheter for alle, er mangfaldig, slik at alle uavhengig av økonomi kan ta del i utdanning og arbeidsliv, kulturliv og at aktivitetar er framtidsretta og bærekraftig, fremjar folkehelse, tar vare på jordbruksjord og natur, reduserer klimautslepp og løftar fram «grøne» initiativ.

I eit slikt lokalsamfunn er det plass for:
– barn, unge og familiar med ulik økonomisk evne
– unge som treng ein ny sjanse,
– arbeidstakarar som vil etablera seg og bu her,
– innvandrarar frå alle verdas land,
– psykiske sjuke med behov for støtte og ein pause,
– næringsverksemder som er nyskapande og verksemder  som alt er etablerte,
– personar med funksjonshemming som treng universell utforming og inkludering
– eldre som skal møta si framtid med optimisme, utan uro for hjelp, støtte og bustad.

SV er talerøyr for ei framtid der folk og natur blir tatt på alvor. Klimakrisa må løysast, samtidig som me gjer noko med dei aukande forskjellane mellom folk. Me kan ikkje lova å oppnå alt, men kampen tar me!

Meiner du som oss at levande lokalsamfunn, fordeling av fellesgode og klima og miljø betyr noko, stemmer du SV!

Guri Ravatn og Bente Kleppe, 1. og 2. kandidatar for Vindafjord SV