Solveig Hortmann, ei av eldsjelene bak festivalen "Musikk i Vik", selde gammalt verktøy, utstyr og antikvitetar. Alle pengane går til utgifter til festivalen, og til å kunne arrangere ny festival neste år. Foto: Privat
Solveig Hortmann er leiar i Vindafjord Senterparti. Foto: Privat

Me er stolte over «laget» vårt

No er det snart eit nytt kommuneval. Det skal avgjerast kva parti og kva personar som skal vera folkevalgte i Vindafjord dei neste fire åra.  Vindafjord Senterpari stiller ei valliste med 22 personar, 12 kvinner og 10 menn. Når du les gjennom lista vil du finne personar frå dei fleste bygdane i kommunen vår. Du vil og sjå at det er god aldersspredning og at me har 5 kandidatar under 30 år.  Me er innbyggjerar med ulik yrkesbakgrunn, erfaring og interesser. Nokon av oss er bønder og privat næringsdrivande,  nokon arbeider i privat næringsliv og nokon i det offentlege. Me har også to studentar på lista vår.  Me er ulike og utfyller kvarandre. I Senterpartiet er det rom for meiningar og diskusjonar. I fellesskap finn me gode løysingar som me kan stå for.

Me er stolt over laget vårt, stolt over ordførarkandidaten vår og er glad for at Ole Johan stiller til val for ein ny periode. Han har stor kunnskap og eit imponerande engasjement for politikk. Me er trygg på at han kan lose Vindafjord kommune trygt gjennom dei neste fire åra. Me andre skal hjelpe til, utfordre, vere kreative og bidra til ansvarleg og god styring av Vindafjord kommune.

I inneverande periode har me vore i posisjon saman med Ap og Krf. Me vonar at dette samarbeidet vil fortsetje, samtidig som me er opne for å samarbeide med andre parti. Me er glad for at det har vore ein god og konstruktiv tone i Vindafjordpolitikken.

Du kan lesa meir om politikken i programmet vårt. Der vil du finne eitt eller fleire tema som du er opptatt av. Hugs at vallista vår er alfabetisk og at det er du som veljar som avgjer den endelege rekkjefølga.

Bruk stemmeretten din. Godt val!

Leder i Vindafjord Senterparti 

Solveig Hortman