Vindafjord kommune er ein av landets største husdyrkommunar. Innafor frukt- og grøntproduksjon er me ikkje så mange, men me set stor pris på dei me har, slik at me kan kjøpa lokalproduserte poteter, grønnsaker, agurk, tomater, frukt og bær. Landbruket har enorm betydning for verdiskaping og sysselsetting i Vindafjord. Me er heldige som har eit av Nortura sine slakteri i Sandeid og Fatland sitt hovudkontor i Ølen. Det er av stor betydning for landbruksmiljøet, sysselsetting og verdiskaping at dei ligg nettopp i kommunen vår. Me har mange transportbedrifter og kjem fort opp i 100 vogntog som fraktar landbruksrelaterte varer. Nokon i lokal transport, andre med råvarer og ferdigprodukt til andre landsdelar. I tillegg har me landbruksbaserte arbeidsplasser innan salg/service, rådgjeving, veterinærar og anna. Lokale entrepenørar og håndtverkerar treng ein også på gardane og i verdikjeda elles. Slik blir landbruket også ein verdi for desse. Dei to siste åra har Senterpartiet vore i regjering. I kjølvatnet av ein pandemi, der etterspørsel etter norskproduserte landbruksvarer gjekk opp, vart Senterpartiet sin landbruksminister Sandra Borch sine to år prega av krigen i Ukraina, med prisauke, inflasjon og renteoppgang som resultat.
Me er ganske sikker på at mange bønder opplever at likviditeten er pressa etter to år med prisgalopp. Me er og sikker på at situasjonen ville vore endå verre utan Sp i regjering. Regjeringa har gitt kostnadskompensasjon for prisauken og har starta arbeidet med å redusera inntektsgapet til andre grupper. Ja, regjeringa kunne sikkert gjort endå meir. Samstundes registrerer me at regjeringa vert kritisert for å gi bøndene for mykje. Høgresida har kritisert regjeringa og har foreslått å redusera overføringane med milliardbeløp. Det kom og forslag om Co2 avgift på kjøtt. Erna Solberg har kalla det urettferdig at kostnader har blitt kompensert, men me vil påstå at landbruksoppgjera dei siste åra har vore bra også for den norske forbrukaren fordi det har bidratt til å halde prisauken på norskproduserte varer nede.
Sjølvforsyning og beredskap er viktig. Pandemi, tørke, uvær, husdyrsjukdommar, krig osv., kan fort påverke vår tilgang på mat frå utlandet. Difor treng me eit levande landbruk i heile landet. Vindafjord Senteparti vil bruke alle dei anledningane me har til å påverke landbrukspolitikken. Med Senterpartiet i regjering og rogalendingen Geir Pollestad i statsrådstolen, er me i posisjon til det. Geir Pollestad er ein kar med oppdatert kunnskap om norsk landbruk og han har politisk pondus. Han har peika ut fleire viktige saker og ei av dei er erstatning til pelsdyrbøndene. Ein ryddejobb regjeringa fekk i fanget etter regjeringa Solberg sitt næringsforbod.
Me vil arbeide for at landbruket får vekstvilkår og rom for å fornya seg. I Vindafjord er behovet for nye driftsbygningar stort. Lausdriftskravet for alle storfe frå 2034 er ikkje langt unna. Det trengs investeringar dersom me skal oppretthalde aktiviteten i bygdane våre, sysselsetting og produksjonsvolum. Det handlar om busetjing og levande bygder.
Kommunen er førsteinstans i forvaltninga av dei fleste lover og tilskuddsordningar på landbruksområdet. Kommunen har oppgåver knytt til IBU-midlar og det er kommunen som handsamar byggjesaker. Me vil ha ein kommune som er aktiv når det skal søkjast om tilskot til nybygg og investeringar. Ein kommune som kan veilede og som er med å finn løysingar når nybygg vert planlagt. Kommunen kan ikkje trylle, eller gå på akkord med oppdraget sitt, men det å vera imøtekomande og løysingsorientert kan me forvente. Nokon skryt at kommunen, medan andre gir tilbakemelding om at møtet med kommunen ikkje har vore slik dei håpa på. Det tek me på alvor.
Me treng bønder i Vindafjord som har tru på framtida. Me treng rekruttering og unge bønder som vil satse. Me treng bønder som passar godt på dyra sine og som finn løysingar på dei utfordringane me står framføre. Me treng bønder som vil satse på frukt og grønt og som vil satse litt utradisjonelt. Me treng bønder som tenkjer fornybart og investerer i energiproduksjon, som bioenergi, solenergi og biogass. Me er ein heil gjeng i Senterpartiet som «har støvlane på» og som kjenner både gleder og utfordringar i bondeyrket. Me heiar på landbruket i Vindafjord!
Anne Cecilie Berentsen
Camilla F Strandnes
Harald Olav Stuhaug
Ole Johan Vierdal
Inga Elise Steinsland
Geir Magne Gjerde
Trygve Espevold
Hanne Lundal
Jan Idar Haugen