«Mykje glad, og mykje redd» beskreiv ei god venninne meg ein gong. Kanskje ikkje eg har vore akkurat redd som ny og uerfaren politikar, men eg har vore mykje usikker. Læringskurva var bratt, og plutselig skal ein ha kunnskap om både det «eine og hitt». Å bli mottatt med raushet og å bli heia på betyr derfor svært mykje for alle nye som takkar ja til å stå på lister. Bli møtt med raushet fra politiske kollegaer, fra administrasjon, fra fagmiljø og folket generelt. Alle vil me det beste for kommunen vår. Saman er me sterkast og kan få til mykje ! Denne perioden har eg opplevd dette. Raushet fra dykk alle. Det politiske miljøet i Etne er svært godt , det håpar eg også vil fortsetje. Det gjer det trygt å takka ja til å bli med i politikken.
Etne Venstre er eit lite parti, men me har vist godt igjen i denne perioden, og me håpar derfor at fleire meiner at me er eit viktig parti å fortsatt ha representert i kommunen vår. Etne Venstre var det einaste partiet i formanskapet som stoppa opp og stemte nei til at Etne kommune skulle sende inn positiv høyring til NVE for bygging av 420kV kraftlinja i luftspenn. Me ønskte utredning av sjøkabel. Saka er fortsatt ikkje løyst, men jaggu har me stått på. Denne eine stemma , blei til fleire og har nå ført til ein storstilt debatt om måten Norge byggjer kraftlinjer på. Etne Venstre har derfor vore pådrivar for at Stortinget nå endelig skal behandla Venstre sitt representantforslag om at sjø og jordkabel som hovedregel blir utreda parallelt med utredning av luftledning. Dette er me stolte av ! Me blir høyrde som eit lite parti fra Etne. Me blir tatt på alvor av våre eigne representantar på Stortinget.
Lite parti, men me trur ingen andre parti har hatt to sitjande ministrar på besøk i perioden? Næringsminister Iselin Nybø, og klima og miljøminister Sveinung Rotevatn. I tillegg er tidligare klima og miljøminister og nå stortingsrepresentant Ola Elvestuen glad i å komma til Etne og stiller alltid opp for oss i lokale saker. Nærleik til Stortinget betyr svært mykje!
Me i Etne Venstre er ein allsidig, motivert, hardtarbeidande og frisk gjeng som representerer yrkesgrupper fra olje og gass næringa , privat næringsliv, kunstnarmiljø, sjølvstendig næringsdrivande, kultur og idrett. Me vil alltid vere partiet som vågar å tenke nytt, som vågar stille dei andre spørsmåla og som har den nærleiken til Stortinget som gjer at me blir sett, høyrt og får støtte i våre lokale saker.
Bruk stemmeretten din, og tenk samtidig over kor viktig den stemma du putter i urna er for korleis Etne sitt kommunestyre vil vere samansatt neste periode.
Godt val!
Kristin Golf, Johan Strømsvold, Erling Storeund, Jan Terje Rafdal og Kjell Tore Klungland.
Etne Venstre