Kenneth Karlsen (Frp) er avtroppande varaordførar i Etne kommune.
ARKIVFOTO: GRETHE HOPLAND RAVN
Kenneth Karlsen (Frp) er avtroppande varaordførar i Etne kommune. ARKIVFOTO: GRETHE HOPLAND RAVN FOTO: Grethe Hopland Ravn

Takk for denne omgangen

Tysdag 26. september gjennomførte eg mitt siste kommunestyremøte som varaordfører i Etne Kommune (for denne omgangen) Det har vore ei fantastisk oppleving å få lov å fungera som ombodsmann for våre innbyggjarar i rolla som varaordførar! Eg har i fleire høve fått representert kommunen i ulike fora, påverka politikken kommunen har ført, og fått opna ulike arrangement og tilstellingar. Det har rett og slett vore ei æra og eit privilegium.

I 4 år har ordførar Mette Heidi og eg samarbeida godt for å gjera kommunen vår til ein endå betre plass å bu i! I løpet av desse åra har me blitt godt kjente med kvarandre og eg har absolutt lært mykje desse åra som eg ikkje visste frå før. Me har arbeida mykje saman, t.d. under koronapandemien der me nokolunde «ferske» satt i kriseleiinga til kommunen, me har hatt drakampar på «bakrommet» og me har funnet gode løysingar ilag. Me har begge fått gjennomslag for politiske saker og me har hatt gjensidig respekt og forståing for saker me har vore ueinig om. Tusen takk for samarbeidet, blomen og dei gode orda eg fekk av deg.
Nå vil eg også takke alle som stemte på meg og mitt parti under årets valg. Det er ein stor milepæle for oss å bli størst parti, og eg veldig audmjuk over alle dåken som gav meg så pass mykje personstemmer at eg fekk flest. Det hadde eg aldri trudd kunne skje! Eg lover uansett å stå endå meir på, dei neste 4 åra.
Gratulera til Andreas Grumheden som nå overtar som ny varaordførar frå tysdag neste veke. Håper du finn vervet like meiningsfullt som det eg har gjort, og at du finn like stor glede av å kunne utøve ombodsrolla gjennom den. Eg ønsker deg lukka til med både oppgåva og samarbeidet.

Og som eg sa den kvelden til alle i posisjonen som satt rundt bordet der, når den valtekniske avtalen var laga og presentert for meg. Me skal vera ein konstruktiv opposisjon som bidrar med å finna gode løysingar, og eg kjem til å halda dåken i øyrene om eg ser det trengs.

 

Kenneth Karlsen (Frp) 
Avtroppande varaordførar i Etne kommune