I studio for å spela inn aller første episode av Grannar-podden. F.v.: Grethe Hopland Ravn, journalist, Lars Øvernes, gjest, og Torstein Tysvær Nymoen, ansvarleg redaktør. 
Foto: Rina Aspmo
I studio for å spela inn aller første episode av Grannar-podden. F.v.: Grethe Hopland Ravn, journalist, Lars Øvernes, gjest, og Torstein Tysvær Nymoen, ansvarleg redaktør. Foto: Rina AspmoBilde 1 av 2
Stig Morgen Sørheim står for både lyd og redigering av podcasten
Stig Morgen Sørheim står for både lyd og redigering av podcastenBilde 2 av 2

Grannar lanserer podcast

Det er rett og slett ei stor glede å få lov til å sleppa «katten ut av sekken» etter lang tids planlegging, for i dag får me endeleg presentert vårt nye satsingsområde: Podcast. Me har valt å kalla podcasten vår for  Grannar-podden, og gjennom episodane som vil bli publiserte 1-2 gonger i månaden ønskjer me å invitera lyttarane våre inn i ein samtale med personar som kjem frå Etne eller Vindafjord – eller som har sterk tilknyting til distriktet vårt. Me trur at slike menneskemøte, kan bli eit fint høve til å bli litt betre kjent med personar som har ei historie å fortelja.

Podcasten lagar me i samarbeid med ABC studio i Etne og det er deira lydekspert Stig Morten Sørheim som står for den tekniske produksjonen. Dermed er det grunn til å tru at kvaliteten på prosjektet vil bli svært godt, og at lyttarane våre vil få ei god lytteoppleving.

I dag, 5. oktober, presenterer me altså den første episoden av Grannar-podden, og denne gong møter redaktør Torstein Tysvær Nymoen og underteikna ein spennande kar i studio. Lars Øvernes er tidlegare fotballproff, og noverande målmann på Etne sitt A-lag. Han er 3-barnspappa, og for tida i pappa-permisjon med minstemann Sverre. Han er mellomtrinnslærar, gift med Hanne og vil i dagens episode snakka om både fotballivet, «skodespelarkarriere» og om tapet av faren, Gunnar, som omkom under trefelling heime på garden då Lars berre var 19 år gamal.

For å ha moglegheit til å laga podcast har Grannar søkt Medietilsynet om oppstartsstøtte, og her har me fått 100.000 kroner. I tillegg har fleire annonsørar kome på banen for å vera med å sponsa episodane våre, så om du som lesar tenkjer at dette er eit gilde som abonnentane våre må betala prisen for, er det kjekt å kunna opplysa at slik blir det ikkje. Grannar-podden er også gratis for alle å lytta til, og du finn episodane både på Apple Music, Spotify, og dei fleste plattformer der du elles lyttar til podcast. Du kan også gå inn på www.grannar.no og finna link til Grannar-podden der.

Me er sjølvsagt interesserte i å høyra kven du som lyttar kunne tenkja deg å høyra på, og me tar svært gjerne i mot tips til kven me skal invitera med oss i studio. Då sender du inn ditt forslag til tips@grannar.no der du også skriv nokre linjer om kvifor denne personen er interessant å prata med. Me gler oss allereie til å høyra frå deg.

Men kva er eigentleg ein podcast? Sjølv om podcast har blitt svært populært dei siste åra, spesielt blant dei unge, men definitivt også i den godt vaksne delen av befolkninga, er det nok framleis mange som ikkje heilt veit kva det er. Enkelt fortalt er det innspelte program som blir publiserte på internett. Lydfilene kan spelast av både på datamaskinar, nettbrett, smarttelefonar og andre digitale lydavspelarar ved hjelp av strøymetenester eller eigne appar. Dei fleste podcastar er samtalar i studio som er tatt opp med enkelt lydutstyr, og som deretter kan lyttast til når brukaren sjølv måtte ønskje det.

Eg håpar du lar deg freista til å lytta til Grannar-podden, og ønskjer deg god fornøyelse.

Grethe Hopland Ravn

Journalist

Stig Morgen Sørheim står for både lyd og redigering av podcasten