Lisa Marie Ness Klungland (Sp), Tove Elise Madland (Ap) og Terje Halleland (Frp), alle frå Vindafjord, på plass i vandrehallen på Stortinget. For dei to første er alt nytt, medan Halleland har éin periode bak seg. 
Foto: Privat
Lisa Marie Ness Klungland (f.v. Sp), Tove Elise Madland (Ap) og Terje Halleland (Frp), alle frå Vindafjord, på plass i vandrehallen på Stortinget ved eit tidlegare høve. Nå har både Halleland og Madland gitt beskjed om at dei ikkje stiller til ein ny periode. Arkivfoto: Privat

DEBATT: Kvifor Halleland?

Framstegspartiet med stortingsrepresentant Terje Halleland forsøker å skapa uro og misforståingar kring regjeringa sitt statsbudsjett for 2024.

Å ikkje minst skapa usikkerheit rundt at regjeringa no gjere som dei sa – nemleg sett av midlar til E-134, Seljestad – Røldal.

Vegen er særs viktig for regionen og ikkje minst vårt næringsliv. Dette er VÅR VEG,! Vår hovudveg!

Vegen har me jobba for i ei årrekke – det er mange av oss som har kjempa for vegen, både på lokalt, regionalt og nasjonalt plan.

Halleland har vore fulltidspolitikar i mange år og jobba for E- 134 – det skal du ha!

Men no bomma du, greitt nok, slik er det politiske spillet. Sitt ein i opposisjon slik representanten Halleland no gjere, er det opposisjonens oppgåve, å skapa uro og usikkerheit.

Halleland – du kan lese budsjett, dette har du gjort i årevis. Du veit vel korleis dei politiske prosessane er, du er ein røynd politikar.

Eg ser fram til at me saman, som vindafjordingar , som stortingsrepresentantar frå Rogaland gjer det me kan for å sikre regionen vår det besta. Nemleg ein trygg og vintersikker veg, aust – vest.  Det skuldar me innbyggarane og næringslivet vårt!

Så skal eg være fyrst til å innrømma, me er ikkje i mål. Bakka-Solheim er eit døme på det.

Så eg skal stå på og sloss vidare for vegen vår, eg håpar du vert med. For den pasninga du sendte no Halleland, der bomma du.

Tove Elise Madland 

Stortingsrepresentant, Arbeiderpartiet