Arne Frøkedal sovna stille inn måndag kveld.
Arne Frøkedal sovna stille inn måndag kveld. FOTO: Grethe Hopland Ravn

Arne Frøkedal (68) er død

Det var med stor sorg me tok i mot meldinga om at vår nyleg pensjonerte redaktør har gått ut av tida. Likevel var det ikkje overraskande, for dialogen mellom Arne, familien hans og Grannar-tilsette har fram til det siste vore god, og me såg dessverre kva veg det gjekk.

Men me sørgjer! Arne etterlet seg djupe spor. Han var ein bauta i redaksjonen, ein kunnskapsrik og engasjert leiar.

Arne var ein ekte nyheitsmann som elska at det kokte litt, og som redaktør sette han store krav til sine tilsette både når det gjaldt å følgja med i nyheitsbildet, ha gode kjelder, men samtidig vera kjeldekritisk, og ikkje minst kravde han stødig rettskriving og grundig oppbygging av redaksjonelle saker frå journalistane. Han var opptatt av at me skulle servera eit godt produkt til lesarane våre, og hjartebarnet hans var papiravisa. Til kvart einaste morgonmøte hadde han stort sett oppdatert seg på dei fleste lokalavisene i distriktet, og hadde alltid ein konkret plan for neste avis som skulle sendast til trykk. Då han sa opp si stilling som redaktør i september 2022, hadde han 14 år bak seg som redaktør i Grannar. Altså er han redaktøren som har sete lengst i redaktørstolen.

For Arne Frøkedal har det stort sett handla om journalistikk heile yrkeslivet, om ein då ser bort frå eitt år i arbeid på Ølen vegstasjon der tidlegare vegsjef Frans Fransson hadde kommandoen, og sommarjobbar på Zinken og Odda Smelteverk. Han var i utgangspunktet ikkje utdanna journalist, men hadde studert samfunnskunnskap på distriktshøgskulen i Stavanger. Litt tilfeldig blei han i 1979 hanka inn som journalist til Grannar av Ingolv Vevatne, som var med i styre og stell i lokalavisa. Etter to år i Grannar fekk han jobb i Haugesunds Avis, der han jobba som journalist i heile 27 år, før han vende tilbake til Grannar i oktober 2008. Denne gong som redaktør.

I alle år har han vore ein lagspelar. Både i jobben som journalist og redaktør – og på fotballbanen. Han har alltid vore engasjert i fotballmiljøet og er ein av dei med flest offisielle A-lagskampar for Etne, med 334 kampar. Ei tid i starten av journalistkarrieren jobba han ved Stord-kontoret til Haugesunds Avis, og i løpet av dei tre åra han budde på Stord, spelte han over 60 A-lagskampar for Trott. I godt vaksen alder var han i mange år med på treningane til old boys-laget i Etne.

Fotball på TV-skjermen var han også opptatt av. Både norsk toppfotball og Premier League i England.

Då han starta som redaktør i Grannar i 2008 uttala han at han ikkje hadde planar om å lene seg tilbake i redaktørstolen, og ha jobben som ein «avslappa solnedgang». Han trudde den gong at det blei meir arbeid som redaktør i Grannar, enn det var i Haugesunds Avis. Det passa han godt, for han likte å arbeida. Og arbeida gjorde han! Det var truleg ingen i Grannar som hadde så lite sjukefråvær som Arne, og mens pandemien sende dei fleste i Noreg på heimekontor heldt han stand i Grannar-lokala gjennom heile lockdown.

Som journalist var det næringslivsstoff på Haugalandet som var hans spesialområde i mange år, og då han kom til Grannar gira han opp satsinga på nettpubliseringar, og han la inn eit stort trykk på nyhende. Han tok også opp konkurransen om å vera først ute med siste nytt, og gjorde at Grannar blei ein større konkurrent for andre media i distriktet.

Arne Frøkedal var ein varm familiemann med stor kjærleik til familien sin. Det var lett å sjå.

I over 40 år har han vore gift med Wenche. Han er far til Anne Lise, Asle, Stian og Linn, og han har også vore ein omsorgsfull bror for sine søsken. For fem år sidan blei han bestefar for aller første gong, og han var sprekkeferdig av stoltheit då han fortalte nyhenda om at ei lita jente var fødd. Sidan den gong har det kome fire barnebarn til, tre jenter og ein gut. For han var desse småtassane livets dessert. Han var så uendeleg stolt!

Musikk har alltid stått sentralt i familien Frøkedal og gitaren hans har vore følgjesvenen til Arne, sidan han var student. Dei to døtrene er musikarar på heiltid, med gitar som hovudinstrument som sin far. Også Grannar-tilsette har fått nytt gitarspelet til Arne. Enten det blei arrangert juleavslutning eller sommarfest, var gitaren med på festen og han spelte til allsongen me så ofte prøvde oss på. Øvst på spelelista stod Jan Eggum, og det er nok mange av oss kollegaer som har oppdaga denne fantastiske bergensaren – gjennom Arne Frøkedal.

Då han i september 2022 annonserte at han ville gå av som redaktør, var det allereie eit halvt år sidan han hadde fylt 67 år. Sjølv om han «hadde alderen» var det likevel mange som blei overraska over at han nå takka for seg. Arne ville gi styret god tid til å finna ein erstattar og sa han ville stå i stillinga til september 2023. Men slik skulle det ikkje gå. Berre ein månad seinare fekk han kreftdiagnosen, og det siste året har den eine kuren overlappa den andre.

Nå var det nok.

Det er både med stor takksemd og stor sorg me – Arne sine kollegaer – lyser fred over minnet til ein mann me hadde stor respekt for, og var svært glade i.

Våre tankar går til Wenche, Anne Lise, Asle, Stian, Linn, svigersøner, svigerdøtrer, dei fem barnebarna, og til alle søskena hans.

Vår største medkjensle i sorga!

Torstein Tysvær Nymoen, Svein Erik Larsen, Irene Mæland Haraldsen, Nils Tokheim, Randi  Bjelland Ronæs, Arve Skogen, Rina Aspmo, Per Kristian Grindheim og Grethe Hopland Ravn