Illustrasjon
Illustrasjon

Realistiske illustrasjonar?

Ope brev til Vindafjord kommune og Westcon.

Vindafjord kommune og Westcon gjennomførte i vår eit orienteringsmøte på bygdahuset i Vikebygd. Her var det høve til å stille spørsmål og kome kommentarar frå salen. Underteikna stilte spørsmål ved den illustrasjonen som har vore på trykk i aviser i samband med denne saka.

Til å vere signert Multiconsult er den overraskande dårleg utført. I beste fall er dette eit uheldig og svært amatørmessigt og dårleg utført handverk. I verste fall er det eit slags forsøk på å fordreie verkelegheita.

Me har fått opplyst at vindmøllene blir 200 meter høge. Til venstre i illustrasjonen er det ei vindmølle, men den er i alle fall ikkje 200 meter høg, kanskje 40 meter? I overgangen frå industriområdet og til Dommersnes nordover ser det på illustrasjonen ut som at det her er omtrent flatt innover. Frå søknaden om utsprenging av trinn 1 går det fram at høgdeforskjellen her er på over 20 meter.

I bakkant av området går reguleringsgrensa omtrent der høgspentlinja går i dag. Vegen som er regulert rundt området er oppe på kote 56. Det vil seie. at skjeringa som utgjer bakveggen av industriområdet mot Sætrafjellet er på over 50 meters høgde, og det kan ein ikkje få inntrykk av på illustrasjonen.

Men så kjem det mest spesielle. Midt i bildet ligg eit bygg som ser ut som ein garasje med fire portar, og på sida av denne køyrer det ein gaffeltruck (!). Her er det ein målestokksforskyving utan sidestykke, og det fører til at det blir gitt eit heilt feil inntrykk av storleiken på industriområdet. Dette ser jo ikkje spesielt stort ut, her er eit hyggeleg lite område der det køyrer ein mann med gaffeltruck og hentar propell-blad til vindmøller.

Med eit område på 550 mål som er tenkt sprengt ned til kote 3, så vil dette bli eit av dei største masseuttaka som er gjort i distriktet, og ein gaffeltruck ville ikkje vore mykje synleg på biletet.

Ut frå det som er presentert til nå så er det umogleg for både bygdefolk og politikarar i Vindafjord å fatte kor stort dette eigentleg er. På møtet blei det lova frå scenen at det skulle komme nye og betre illustrasjonar, noko det ikkje har komme til nå. Same illustrasjon er ennå brukt i planinitiativet til oppstart av regulering for trinn 2 og 3.

Eg spør derfor på nytt: Kan me som bur i Vikebygd be om å få ein realistisk og sannferdig illustrasjon som viser korrekt omfang av den tenkte utsprenginga og utbygginga på Dommersnes.

Arne Tveit

Vikebygd