Nyvald leiar for Vindafjord Senterparti, Anne-Lise Døvik, stiller seg ikkje i koret som krev partileiar Liv Signe Navarsete sin avgang. Ho vil helst vente til det ordinære landsmøtet i Haugesund neste år.
Anne-Lise Døvik. Arkivfoto

«Kva har skjedd med Grannar?»

Nå klarar eg ikkje å venta lenger! Ventetida er vel i grunnen over for dei fleste av oss, eg tenkjer på advent. Men for meg har det i tillegg vore ei ekstra ventetid som nå må ta slutt. Det eg ventar på er leiaren i Grannar.

Redaktøren skal ha sagt at det blei alt for mykje for han å skriva leiar. Det er jo ikkje til å tru. Grannar kjem nå ut ein dag i veka, og dessutan treng det vel ikkje alltid vera redaktøren som  må skriva leiaren, den jobben kan vel gå på omgang i redaksjonen. Ei avis må ha ein leiar. Grannar dekker to store kommunar. Det skjer mykje i desse kommunane. Avisa har tilgang til kommuneadministrasjon og næringsliv, og kva som skjer på dei ulike stadene skal avisa formidla, ofte i leiaren. Ein leiar vil gi beskjed om kva som rører seg i området avisa dekker, og vil ofte vera opphav til debatt. Avisa må ha ei meining.

Alle aviser har eit styre. Eg veit at eit styre bør vera varsam med å leggja alt for mykje styring på korleis redaksjonen løyse oppgåvene sine. Men nå ser eg meg nøydd til senda ei helsing til dette styret og be dei om å gi beskjed til redaktøren om at: –  ein leiar må avisa ha.

Når eg først er i gang med misnøye av lokalavisa, kan eg like godt koma med fleire ting som er endra, avisa er ikkje til å kjenna igjen. Sjølvsagt bør ei avis fornya seg, men når det ikkje fungere så godt, er det ikkje noko i vegen for å snu. Ei avis eg jobba i prøvde ein gong å endra på logoen sin. Det viste seg å vera lite vellukka. Etter stort press frå lesarane var det berre ein ting å gjera, snu, å gå tilbake til den gamle.

Ein flittig lesar av bibelen sa ein gong: – Det står i bibelen at Jesus gjorde om vatn til vin, eg kan ikkje seie eg lika det. Det vil eg og seia om bokstaven G. Eg lika han ikkje. Men i motsetnad til Bibelen som det ikkje går an å gjera noko med, så er det fullt mogleg å endra på ting i avisa Grannar. Så kjem noko eg verkeleg  er forundra over, og det er biletbruken i avisa. Det er storleiken på bileta som er heilt meiningslause. Bilete som ikkje fortel noko som helst. Eg kritiserer ikkje verken artiklane eller bileta i seg sjølv. Det er berre at dei er så ubegripeleg store! Når eit bilete dekker to avissider, blir det for mykje.

Til slutt lurer eg og på om det er eit mål for Grannar å ha høgast mogleg sidetal, og kvifor? Og kan det vera plassmangel som er årsaka til at teikneserien Bustenskjold ikkje var å finna i siste utgåve?

Anne-Lise Døvik