til Solfrid Hetleflåt Bråthen.FOTO: FKHSolfrid Hetleflåt Bråthen scora i FKH-kvinner sin første kamp.
Solfrid Hetleflåt Bråthen

Nyttårstankar

Spennande 2024 og fornya kontrakt

2024 blir eit spennande og utfordrande år for min del. Har nyleg fornya kontrakten min med FKH. Det vil seie for min del at eg også i 2024 er verande i Haugesund for å spela fotball. Valet om dette var enkelt, då eg veit at FKH gir meg nye utfordringar, slik at eg kan ta neste steg.

I sesongen 2024 vil seriestrukturen sjå litt annleis ut enn det den gjorde i 2023. NFF har vedtatt at frå og med 2025 skal antall lag i 2. divisjon reduserast. Dette medfører at neste år vil det vera tre avdelinger med ti lag. Enno er ikkje terminlistene komne ut, men dette byr berre på enda ei utfordring og uføreseielegheit rundt kven vi eventuelt møter i den komande sesongen. Trass i utfordringane tar eg dette som motivasjon, og kjem til å fokusere enda meir på dei fysiske måla eg har sett meg.

Trass i at eg nå spelar fotball som yrke, er ikkje damefotballen komen så langt enda til at jeg kan sjå føre meg dette som det einaste i framtida. Derfor ser eg også for meg at eg kjem til å søkja på studie, og byrjar med dette til hausten. Framleis er det litt usikker kva, men eg har sikta meg inn på Norges Idrettshøgskole. Skulen byr på fleire interessante linjer, men for meg er ein bachelorgrad i Sport Management det mest attraktive.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS