Grethe Tesdal kritiserer Etne-ordføraren si støtte til turveg mellom Olalia og Rus i Etnefjellet.
ARKIVFOTO
Grethe Tesdal kritiserer Etne-ordføraren si støtte til turveg mellom Olalia og Rus i Etnefjellet. ARKIVFOTO

Grusveg frå Rus til Olalia

Det har kome rekordmange tips til NRK om natur som vert nedbygd rundt om i landet etter at NRK viste dokumentaren «Norge i rødt, kvitt og grått» og serien «Oppsynsmannen», som avdekkjer korleis Noregs villmark vert bygd ned bit for bit. Eg er svært glad for vekkinga, og håpar den kan bidra til handling for å stoppe denne farlege utryddinga av naturmangfaldet.

Med det aktuelle fokuset på naturkrisa, vart eg rett og slett rysta og litt provosert når ordføraren i Etne stod fram i Haugesund Avis, måndag 29. januar, og sa «Klart me vil me ha denne turvegen!» Med jubel ønskjer ho det ho kallar den nye «folkestien», som er ein 1,5 og 3 meter brei grusveg gjennom inngrepsfri natur, velkomen. Med dette avslører ordføraren kor lite ho og dei som er einige med henne forstår av naturkrisa.

Administrasjonen i Vindafjord kommune viser til at nytten av denne grusvegen ikkje overgår verdien av naturverdiane og det samanhengande utmarks- og friluftsområdet, og konkluderer derfor med at det etter Naturmangfaldlova ikkje er forsvarleg å gi dispensasjon. Administrasjonen i Etne kommune tolkar Naturmangfaldlova annleis og meiner at nytten for friluftslivet er større enn verdien av det urørte naturmangfaldet. Etne sin konklusjon stadfestar for meg at Statsforvaltaren i Vestland ikkje må miste sitt mynde i slike saker.

Grusveg i fjellet ved Vågsli. FOTO: PRIVAT

Ølen Idrettslag, som er tiltakshavar, skal byggje vegen utan at det skal sprengjast, og vegen skal byggjast utan vegskulder. Korleis vil dette la seg gjennomføre i praksis over Staurskar, for eksempel? Etneordføraren fortel til avisa at denne vegen er naudsynt for det moderne jordbruket. Eg meiner at den siste etappen av Rusvegen vart bygd nettopp for dette formålet. «Dyrlegevegen» går heilt inn til Urahaugen, som ligg før Holmavatnet. Det går òg veg til Leiteshaugen med parkeringsplass. Trengs det då meir veg heilt fram til hyttedørene ved Holmavatnet for å drive rasjonelt? Etne-ordføraren legg til at grunneigarane har vist seg positive, derfor treng dei å få den planlagde 3 meter breie vegen heilt til stølen. Det argumentet er etter mitt syn flåsete å kome med; ein gjer ikkje slike store inngrep i naturen utan at det er eit stort behov for det.

Det argumenterast for folkehelsa og turglede for å få grusa veg gjennom urørte naturområde. Eg klarar ikkje å forstå kva som er feil med å gå på sti. Etne-ordføraren viser til grupper av folk som gler seg til å gå frå Oppheim til Rus og omvendt. Det gjer jo folk i dag også. Det er fin merka sti heile vegen. Eg er ikkje einig med Ølen Idrettslag som skriv at stien frå Olalia ikkje egnar seg for å ta med seg born over til Rus. Dei borna eg har hatt med på tur spring lettare av garde på stiar enn på grusvegar! Det gir jo ein heilt annan naturoppleving.

I søknaden skriv Ølen Idrettslag at «Urørte område gir ein autentisk og urørt oppleving av naturen» og «det hadde vore kjekt om fleire fekk oppleve den urørte naturen». Ja, eg er så einig; derfor må grusvegprosjektet skrinleggjast og eksisterande sti haldast i hevd.

Eg tenkjer at det villmarksprega området der planlagd grusveg er tenkt, er utruleg viktig å ta vare på for verdifulle naturopplevingar. Det er unikt fordi det ligg nær både Olalia fjellstove og parkering på Rus. No mister Etne eit tilsvarande villmarksområde, Strypefjellet som ligg lett framkommeleg til for dei fleste, skal ofrast for monstermastar.

Eg håpar Etne kommune gjer som administrasjonen i Vindafjord og tar naturen på alvor.

Etne kommune har vegar på kryss og tvers opp mot høgfjellet i heile kommunen. Det er arrogant overfor FN sin naturavtale å byggje ned berre for eigne behov når behovet ikkje veg opp mot inngrepet.

Når Etne kommunestyre skal ta den endelege avgjerda 7. februar, forventar eg at alle seier JA til meir natur og den smale stien, og eit klart NEI til grusveg!

Etne, 2.februar 2024,

Grethe Tesdal