SISTE: Natt til torsdag meldte politiet om at èin person er omkomen i ulykka. Les meir her.
—-
Tilstanden til dei seks var seint onsdag kveld ikkje kjent, men Ivar Kvint i Vest politidistrikt stadfesta på eit pressemøte like etter klokka 22.40 at det er plukka opp overlevande etter ulykka.
Equinor fekk melding om ei alvorlig helikopterhending klokka 20.15.
— Vi mobiliserte umiddelbart og gir vidare støtte i arbeidet, seier pressekontakt Gisle Ledel Johannessen til VG.
Johannessen seier vidare at dei ber pårørande til dei involverte i hendeinga om å ta kontakt.
— Ring oss på 800 500 20, seier han til VG.
Offshore-helikopter
Politiet fekk første melding om at eit helikopter var sakna klokka 20.11 onsag kveld. Like før klokka 21 vart det stadfesta at det har skjedd ei luftfartsulykke i sjøen. Ifølge NRK vart det set i verk ein stor redningsaksjon, og det vart raskt funne folk i sjøen.
Sjef for Bristow Norge, Heidi Wullf Heimark, bekrefta litt før klokka 21 overfor Stavanger Aftenblad at helikopteret tilhøyrar dei.
Minst eitt redningshelikopter hadde like etter klokka 21 landa ved Haukeland universitetssjukehus, som har iverksett gul beredskap.
NRK observerte ved 21-tida fleire ambulansar ved landingsplassen på Møllendal i Bergen.
– Vi har Sar Queen i området. De har observert personell i sjøen og starta heising, skriv Hovudredningssentralen for Sør-Noreg på X.
Like etter klokka 21 meldte NRK at det var henta opp fem personar frå sjøen.
Det skal ha vore seks personar om bord, og ifølgje NRK. Dei første meldingane gjekk ut på at fem personar var heist opp og at ein rekna med å heise opp den siste personen i løpet av kort tid.
Klokka 21.20 meldte NRK at den sjette også var heist opp frå sjøen.
– Vi kan ikkje seie noko om tilstanden til dei som er berga opp nå, sa Ståle Jamtli, redningsleiar i HRS, til NRK då.
Dei seks skal ha vore i sjøen i mellom 45 og 50 minuttar før dei blei plukka opp.
– Det er no masse ressursar ute. Redningsskøyta har byrja å finne vrakdelar, opplyste politiet i ei pressemelding like før klokka 22.
Havarikommisjonen er varsla om ulykka, og politiet har starta etterforsking av ulykka.
TV2: Var på treningstur
Helikopteret som styrta er av typen Sikorsky S-92, og har plass til 19 personar. Det blir normalt brukt til å frakte personell til og frå oljeinstallasjonar i Nordsjøen.
Det skal altså berre ha vore seks personar om bord på den aktuelle ferda onsdag kveld.
Selskapet opplyser at helikopteret som havarerte, var eit redningshelikopter som var stasjonert på Flesland.
– Helikopteret var på søk- og redningstrening. Alle seks som var om bord, er henta opp av sjøen og blir ivaretatt av helsepersonell. Der pårørende blir varsla, administrerande direktør Heidi Wulff Heimark i Bristow Norge til NTB seint onsdag kveld.
Heva beredskapen
Store ressursar vart sette i sving i redningsaksjonen – både redningshelikopter, redningsskøyte og også hjelp frå Forsvaret. Forsvarets operative hovudkvarter (FOH) opplyste til NTB eit kystvaktskip deltok i leitinga.
Haukeland universitetssjukehus sette gul beredskap som følgje av utviklinga i saka. Beredskapsleiinga møttest onsdag kveld.
– Gul beredskap betyr at vi gjer oss klare til å ta imot eventuelle skadde. Eg kan ikkje seie noko meir. No skal vi først få meir oversikt, sa kommunikasjonsdirektør Erik Vigander til NRK tidlegare onsdag kveld.
Seinare på kvelden, då dei hadde kontroll på situasjonen og såg at dei kunne handtere sitasjonen med si normale bemanning, blei beredskapen sett ned til grøn beredskap.
Mista høgde raskt.
Ifølgje TV2 viser data hos overvakingstenesta FlightRadar eit Bristow-helikopter som flaug utanfor Bergen, og som cirka klokka 19.40 forsvann frå kartet. Dataane skal vise at helikopteret si høgde sokk frå 1200 fot til 400 fot rett før det forsvann.
Veit du noko om saka? Tips oss på tips@grannar.no