Roy Martin Øyjord. ARKIV FOTO: ARNE FRØKEDAL
Roy Martin Øyjord. ARKIV FOTO: ARNE FRØKEDAL

«Turvegen vil vere positiv for befolkninga som bur i Vindafjord og Etne»

Onsdag skal hovudutvalet i Etne ta stilling til om dei vil gi dispensasjon i forbindelse med bygging av turveg/tursti mellom Rus og vegen som går til Olalia Fjellstove. Den skal brukas av turgåarar, syklistar og andre som er avhengig av hjul under kroppen for å bevege seg i naturen.

Ein slik veg vil vera svært positiv for befolkninga som bur i Vindafjord og Etne. Helse-Noreg oppfordrar alle til å komma seg ut og ver i bevegelse, nyta naturen, frisk luft, og få litt trening både fysisk og Psykisk. Kanskje er dette den beste medisinen nokon kan ta for å klarne Psyken og kome seg litt betre i form.

Eg har sjølv vore aktiv med sykling i vel 15 år. Før den tida gjekk eg mykje i naturen, men på grunn av ein delvis ikkje vellykka ryggoperasjon er sykling ein meir skånsam trening. Men eg er fremaleis ein aktiv brukar av naturen. Eg vil påstå at eg har løyst fleire utfordringar på sykkelsetet og i naturen enn eg har løyst rundt eit møtebord og bak ein kontorpult.

Når vi i dette landet er så heldige at vi har mykje ubrukt natur, gir det oss alle moglegheiter til å bruke naturen til det vi ønsker. Og har du behov for å gå i urørt natur og ikkje bli forstyrra av noko materialistisk vesen, kan du sannsynlegvis bevege deg i vekevis rundt i vårt vidstrakte land utan ein einaste forstyrring, bortsett frå fly.

Men det er ikkje alle som er like heldige og kan springe på kryss og tvers av vår vakre natur i urørt utmark, vandre til kjente fjelltoppar, springe til nutar og skrive seg stolt inn i ei bok for å vise kor spreke og gode dei er. Skal desse folka, som er så heldige og friske at dei kan nyte vår natur på alle måtar, få bestemme at det er berre dei som skal ha rett til å bruke naturen? Eg meiner det er ein egoistisk tankegang. Og ikkje minst når dei brukar dokumentarar og statestikkar om korleis naturen i Noreg blir nedbygd, som skotsikkring for å verne om sine eigne interesser.

Denne litle vegstubben som det er planar om å byggje frå Rus mot Olalia Fjellstove, vil også gi dei  innbyggjarane i Vindafjord og Etne som ikkje kan vandre på kryss og tvers av fjell og dalar, ei moglegheit til å få oppleve naturen vi har rundt oss «live», og ikkje berre via bilete, sosiale medium og tv. Denne vegen vil knyte bygdene saman på ein veldig god måte, der faktisk folk som køyrer elektriske rullestolar, kan ta seg ein tur til Sandeid utan å bevege seg på store trafikkerte vegar. Barnefamiliar med små barn på sykkel eller i barnevogner kan kome seg på tur i fjellheimen og nyta vår flotte naturen som vi alle bør ha moglegheit til å bruke. Og me veit at alle som lever lenge, har ein tendens til å bli gamle, og då er ikkje alle like spreke i den fysiske delen av kroppen, mens hovudet og psyken har framleis lyst og behov for å kome seg opp og ut i naturen.

Eg les også at nokon meiner at denne vegen skal lagast berre for at nokre få skal kunne få moglegheita til å sykle seg ein tur mellom Sandeid og Etne. Og det stemmer, det er nok berre nokre få som syklar i naturen, i forhold til alle andre denne vegen vil gi moglegheit for.  Ein god moral til dåken som vil ha naturen for seg sjølv, og er sterkt imot at folk skal slite den ut:

Begynn med dåken sjølv.

Roy Martin Øyjord, Etne