Torstein Tysvær Nymoen er ansvarleg redaktør i Grannar.
FOTO: RINA ASPMO
Torstein Tysvær Nymoen er ansvarleg redaktør i Grannar. FOTO: RINA ASPMO

Ny veg kjem ikkje av seg sjølv

KOMMENTAR: Fredag blei den største lokale samferdslenyheita på lenge sleppt på eit pressemøte i Haugesund. Statssekretær Tom Kalsås (Ap) røpa at regjeringa i ny Nasjonal transportplan (NTP) set av 2,4 milliardar kroner til ny E134 mellom Bakka i Stordalen og Mo i Etne. Dermed ser det ut til at den mest farlege delen av ulykkesutsette E134 skal bli erstatta av ein heilt ny veg i komande 12-årsperiode.

I ei tid kor geopolitiske og andre forhold stiller nye økonomiske krav til Noreg som nasjon var det ikkje gitt at det ville kome midlar til E134 lokalt. Men samstundes hadde regjeringa på førehand signalisert at dei ville hente fram mindre prosjekt framfor dei største. Difor var det fleire som såg eit håp nettopp for Bakka-Mo, som altså no er inne. Og det er særs gledeleg. «Gul-stripe»-prosjektet, kor dei verste knausane og svingane mellom Etne og Ølen blir fjerna, er også undervegs. Og når ein legg til alt det andre av stort og smått som har skjedd det siste tiåret på E134, mellom anna ny veg i Skjold ogcutbetringar i Espelandsvingane ved Ølensvåg, er det grunn til å gle seg over utviklinga.

Lenger aust på E134 er både Mælefjelltunnelen – den lange tunnelen mellom Seljord og Hjartdal, og ny E134 gjennom Kongsberg på plass. I komande NTP er det også sett av midlar til ny E134 mellom Saggrenda og Elgsjø mellom Notodden og Kongsberg. Og det blir etter alt å døme ein snarleg oppstart på den nye Røldalstunnelen. Dette er gledeleg for alle som har E134 som sin arbeidsplass.

Dette viser at arbeid som både interesseorganisasjonar og lokale og sentrale politikarar har lagt ned over fleire tiår verkar. Og det er ikkje få av dei som opp gjennom åra har kjempa regionen si vegsak, både i regionale bompengeprosjekt og i kampen om dei store statlege pengane. Det er mange som fortener ein takk, men når det kjem til NTP-midlar er det ikkje mogeleg å kome unna den standhaftige Frp-veteranen Terje Halleland. På ein gledas dag for regionen var det difor lite raust av den relative ferske stortingsrepresentanten Lisa Marie Ness Klungland (Sp) å ikkje nemne Halleland, men berre seg sjølv og like ferske Tove Elise Madland (Ap) som E134-forkjemparar.

No handlar det om å sikre byggjestart så raskt som mogeleg, då er det avgjerande at Vegvesenet og Etne kommune straks kjem i dialog, slik at ikkje byråkratiet skal vere skuld i at prosjektet blir skuva på.

Torstein Tysvær Nymoen, ansvarleg redaktør