Torstein Tysvær Nymoen er ansvarleg redaktør i Grannar.
FOTO: RINA ASPMO
Torstein Tysvær Nymoen er ansvarleg redaktør i Grannar. FOTO: RINA ASPMO

Retten til å seie ifrå

«Korleis skulle det sett ut i media dersom dei andre etatane skulle gått fram på same måte?» spør tidlegare beredskapsleiar Ole Martin Grindheim i Etne brann og redning i eit lesarbrev i Grannar. Bakgrunnen for lesarbrevet er at tilsette i EBR har snakka med avisa om uro for det dei meiner er for små økonomiske løyvingar til å oppfylle lovkrav i brann- og redningstenesta.

Grindheim fortener ros for sitt bidrag til det offentlege ordskiftet. Det er som oftast gjennom meiningsbryting ein til slutt finn dei beste løysingane på eit problem. Grindheim er dessutan ein røynd fagperson, og har fleire saklege poeng i sitt lesarbrev. Men, han kritiserer samstundes kollegaar for å nytte retten dei har til å uttale seg i media om det dei meiner er kritikkverdige forhold i etaten, og som kan ha betyding for liv og helse. Då set eg på blålyset.

Det er sjølvsagt legitimt at Grindheim sjølv meiner at kollegane ikkje bør snakke med media. Men om ei slik haldning er dominerande i ein organisasjon, så gagnar det korkje verksemda eller samfunnet. Ingen problem blir ordna opp i viss ingen peikar på dei. Eg vil difor snu på Grindheim sitt spørsmål. Korleis skulle det sett ut i kommunen om ingen stilte kritiske spørsmål eller varsla om kritikkverdige forhold? Ein del leiarar i både kommunar og i næringslivet vil nok meine at det hadde gått berre godt å sleppe unna kritiske spørsmål frå journalistar i ein travel og krevjande kvardag på jobb. Men hadde me fått eit betre samfunn? Neppe.

Retten til å seie i frå er heimla i Arbeidsmiljølova, og gjer ikkje skilnad på om du er tilsett i privat eller i offentleg sektor. Lova gjer det klart at ein har rett til å varsle media om kritikkverdige forhold som har allmenn interesse når arbeidstakar først har varsla internt, eller har grunn til å tru at intern varsling ikkje vil vere hensiktsmessig. Retten til å seie ifrå gjeld saker kor det er fare for liv og helse, fare for klima eller miljø, korrupsjon eller anna økonomisk kriminalitet, myndigheitsmisbruk, uforsvarleg arbeidsmiljø eller brot på personopplysingslova. Og lova gjer det dessutan klart at det er forbode med gjengjelding, til dømes gjennom truslar, sosial ekskludering, åtvaringar, omplasseringar, oppseiing eller liknande. Og at det er arbeidsgjevar som har plikt til å syte for at gjengjelding ikkje skjer.

Torstein Tysvær Nymoen

Ansvarleg redaktør

Brenn du inne med ei sak du meiner Grannar bør skrive om? Tips oss! Hugs på at du også kan tipse anonymt. Alle tips blir handsama konfidensielt. Kontakt våre journalistar direkte, eller send e-post: tips@grannar.no