Grannar har tekniske problem fredag. DIfor ligg alle saker på nettavisa opne for alle inntil vidare.
ILLUSTRASJONSFOTO
ILLUSTRASJONSFOTO

Å finna dagens avis i postkassa er nesten som å vinna i Lotto

Ja, slik har det vore den siste månaden, etter omlegging av distribusjonen av aviser i Grannar-distriktet. Mon me finn ei avis i postkassa i dag? Og mon kva dato står det på den?

Status etter vel ein månads statistikkføring er denne: Riksavisa me abonnerer på, som blir utgitt 6 dagar i veka, har me fått i hende 23 av 27 dagar. Altså har 4 nummer ikkje dumpa ned i postkassa vår. Av desse har 6 utgåver kome til oss utgivingsdagen. Dei andre har kome opptil 4-5 dagar seinare.

Riksavisa som me berre abonnerer på lørdagar har uteblitt 3 av 3 lørdagar. I påskeveka kom den onsdag 27. mars  – med same dato på avisa. Den har me no sagt opp. Det har jo ingenting for seg å betala kr 210 per månad for ei avis me ikkje ser noko til.

I perioden er det utgitt 4 nummer av vårt kjære Grannar. Dei to siste har me ikkje sett noko til. Den for 21. mars fekk me på rett dag – og same avisa dumpa i postkassa vår den 4. april, lik fleire av naboane våre.

Sjølv er eg glad i å sitja med avisa mellom hendene. Frekvensen av å lesa den på nettbrettet har auka noko den siste månaden, men det er ikkje så kjekt å lesa avis då. Faren for aukande avisdød er endå større enn nødvendig når det ikkje er mogeleg å bringa ferske aviser ut til lesarane landet rundt. Det blir fortalt at oldefar min las aviser inst i Lysefjorden for hundre år sidan. Eg veit rett nok ikkje kor dagferske dei var då han las dei. Men det burde vera mogeleg å bringa ferske aviser ut til lesarar i det ganske land i vår tid.

Korleis kan det ha seg at det går an å levera dagferskt (eller daggammalt) nokre dagar, og andre ikkje? Korleis kan det ha seg at avisa ikkje kan etterleverast så snart det er postombringing? At det lukkast nokre dagar tyder på at det bør vera mogeleg.

Først og fremst er dette ein kritikk av dei som har ansvar for distribusjonen. Men kanskje er det også eit politisk spørsmål: Kva grep kan gjerast med distribusjonen for ikkje å akselerera avisdøden?

Kari Vik Stuhaug

Sandeid

debatt@grannar.no

Har du ei mening om denne saka? Send ditt debattinlegg til debatt@grannar.no

Les meir debatt her.