Mørke skyar truar drifta til Skakke SA. ARKIVFOTO: TORSTEIN NYMOEN
Måndag skal årsmøtet ta stilling til korleis Skakke skal driftas i åra som kjem. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Beste løysinga for Skakke og Etne? 

Løysinga for drifta av Skakke som ein kom fram til i 2019 viste seg diverre snart å ikkje vere berekraftig. Vi visste også den gongen at alle gode ting måtte slå til på ein gong for at modellen skulle vare. Ein hadde ikkje tatt dyrtid med auka straumprisar, renter og pandemi med i reknestykket den gongen. Det er positivt at Etne kommune ønskjer å bidra til å behalde Skakke. Vi trur likevel ikkje at den beste løysinga er at Etne kommune overtar eigarskapet.

Etne kommune sitt forslag er at kommunen overtar Skakke og at drifta skal ut på anbod og gjerne driftast av frivillige lag og organisasjonar. Så langt har ingen av dei noverande eigarlaga sagt seg villige til å drifte eit Skakke på oppdrag frå Etne kommune. Er det realistisk å trur på at det blir attraktivt å ta på seg drifta? Ei avklaring på dette bør vere på plass før ei går inn for ei endeleg løysing.

Skakke har dei seinaste fem åra fått gåver og sponsormidlar tilsvarande heile 28 millionar. Desse midlane har gått til mellom anna store fornyings og renoveringsprosjekt; nytt tak på den gamle delen av kulturhuset, nytt lyd- og lysanlegg, nytt kjøkken med meir. Dette hadde ikkje kome til under kommunalt eige. Det er ei kjend sak at Etne kommune har eit etterslep på vedlikehald av sine bygg, og me fryktar at Skakke vil kunne lide under stramme kommunale budsjett i åra framover. Om Etne kommune overtar heile Skakke for summen av restgjelda på om lag 30 millionar vil dei overta ein bygningsmasse av vesentleg større verdi og til ein sum som knapt er større enn gåvene og sponsormidlane ein har fått dei siste åra. Eigarlaga sitt då att utan bygget ein har jobba for i 50 år og utan ei krone. Er dette rett overfor dei andre eigarane?

Det ikkje manglande aktivitetar og effektivitet av drifta som gjer at Skakke SA går med underskot. Det er gjelda knytt til den nye delen av bygget inkludert idrettshallen. Dette kan løysast ved at leigetakarane betaler ei leige som dekker inn kostnadane ved lån og renter slik UL Fram foreslår. Hall-leiga må stå i forhold til den investeringa som er gjort. Ja, dette aukar kostnaden for Etne kommune, men det same vil ei overtaking av lånet gjere. Forslaget til Etne idrettslag er å eige hallen saman med Etne kommune. Med dette alternativet kan ein også behalde ei drift tilnærma lik drifta i dag. Me meiner at det er svært viktig at Skakke får halde fram som i dag. Ein får igjen så mykje meir enn rein drift: Dugnadsånd og frivilligheit, og ikkje minst givarglede frå stiftingar, næringsliv og private. Vi oppfordrar Etne kommune til å søke ei løysing saman med dei andre eigarlaga slik at ein tek dette i vare.

Skakke er hjartet i bygda og gjer Etne kommune til ein attraktiv stad å bu og trivast.

Jorunn Bringeland Berge og Marte Bull-Njaa

Tidlegare leiar og nestleiar i styret for Skakke SA

debatt@grannar.no

Har du ei mening om denne saka? Send ditt debattinlegg til debatt@grannar.no

Les meir debatt her.