— Å få dagens avis er nesten som å vinna i Lotto, skriv Kari Vik Stuhaug i eit debattinnlegg som er publisert på grannar.no torsdag kveld.
Dei siste vekene har eg berre fått to utgåver av Grannar. Eg har også fått den same avisa to gonger. Dette er blitt ei kjempeutfordring, og det gjeld andre aviser også. Det er utruleg at det ikkje skal gå an å få dette til, seier Kari Vik Stuhaug oppgitt.
Sjølv om Stuhaug les aviser på nett, synes ho det beste er å bla i ei papiravis.
— Eg er veldig glad i å sitja med papiravisa, men av og til er eg inne på nettet, seier ho til Grannar.
Fleire og fleire aviser har til lands vel å kutta ned på papirutgåvene og basera seg på nett. Når det i tillegg blir problem med levering av dei få utgåvene som er igjen i papirformat peikar pilene sterkt i negativ retning for papiravisa.
— Papiravisa er truga og dette framskundar prosessen. Dette er eit samfunnspørsmål som politikarane bør engasjera seg i, seier ho.
Ber folk ta kontakt
Dagleg leiar i Grannar, Arve Skogen, er klar over problemet med uregelmessig avislevering og synes det er synd at abonnentane stadig opplever at avisa uteblir.
— Det er framleis mange som har papiravisa som sitt førsteval. Me synes det er utruleg kjedeleg både for abonnentane og for oss når avisa ikkje kjem fram, seier Arve Skogen.
Abonnentar som ikkje får avisa i postkassen til avtalt tid kan melda frå direkte til Grannar slik at distributøren kan bli kontakta. Avisa vil då bli ettersendt, men folk kan også henta avisa på utsalsstader i Etne og Vindafjord eller stikka innom Grannar sitt kontor.
— Me samlar alle klager og sender dei til Posten og ber om etterlevering, men det har vore problem både med levering og etterlevering, seier han.
Vil endre rutinane
Posten skuldar mellom anna både på dårleg vêr og sjukdom for å forklara mangelfull distribusjon den siste tida, men lovar å endre rutinane for å få leveransane tilbake til det normale.
— Etter avtalen som blei inngått då Amedia og lokalavisene kutta sin distribusjon, så skal vi levere aviser på tysdag, torsdag og fredag, uavhengig av kva dager avisa blir utgitt. Dei siste vekene har den lokale distribusjonseininga hatt krevjande arbeidsforhold spesielt forårsaka av utfordrande vêr, då det for to veker sidan var så mykje snø at postbuda ikkje kom fram til ein del av abonnentane. I tillegg har vi også hatt ein del sjukefråvær som medførte at det ikkje blei køyrd ut forrige torsdag, skriv presse-og kommmunikasjonsrådgjevar Aleksander Hømanberg i Posten Bring til Grannar.
— På toppen mottok vi heller ikke nok utgåver av Grannar fra trykkeriet i forrige veke, men disse fikk vi heldigvis etterlevert når vi fekk fleire aviser dei påfølgande dagane. Det har vore nokre krevjande dager hos oss og vi beklager dei forsinkingane dette har medført for nokre av våre kundar. Når det gjeld dei som har fått same avis to veker på rad, så har vi spart på gamle utgåver i tilfelle vi har måtte etterlevere. Då kan det ha skjedd at nokre postbud har tatt med seg ei gamal bunke, uten å kikke på datoen, opplyser han.
Han lovar betring i leveringsrutiane framover.
— Eg kan garantere at dei tilsatte på den lokale distribusjonseininga har jobba så raskt og effektivt som mogleg for å få levert ut avisene. Vi gjer nå nokre endringer i rutinane våre, så nå trur vi at problema skal historie og at leveransane kjem som normalt fremover, seier han.